Profile
Blog
Photos
Videos
HEI IGJEN
Starta dagen med å oppdatera bloggen. Veldig ustabilt nett, men blei no ferdige i dag og.
Syklinga ut frå Caen gjekk kjempefint. Bør nesten holda kurs i bysykling når me kjem heim.
Flotte vegar i dag og. Syklar innom småplassar nesten berre for å kjenne på lukta frå konditoria.
Fint vær i dag og so da er berra å nyta da. Skal vist bli noko anna framover. Trur me må finna fram regnkleda til i morgo, men håpa me sleppe. Tar da som kjem uansett me. Ser da er fint vær heima og, kjempeflott da.
Litt spesielt å sykla langs strendene i Normandie. Ikkje so langt derifrå som me sykla ligger Sword beach. Ein av plassane kor det gjekk troppar i land 6 Juni 1944. Byen Caen var sjølve hovudmålet for D dagen. Planen var at hvis dei alierte tok Caen kunne dei drive Tyskarane sørøstover og ha fri veg mot Paris. Dette blei eit av dei største og blodigaste slaga i historien. Operasjonen totalt sett lykkas og gjorde til dei aliertes seier og begjynnelsen på slutten på den andre verdenskrig. Trur ein må lesa seg meir opp på detta når ein kjem heim.
I dag er me komt til Honfleur. Ligg rett overfor Havnebyen Le Havre. Er festival her. Masse folk og yrande liv i gatene.
NYT FINVÆRET HEIMA. SO HØYRE DE FRÅ OSS OM IKKJE SO LEINGE. 50 DAGAR PÅ FERIE PÅ OSS HITTIL :)))))
- comments
Leidulf og Lillian. Mange flotte bilder.Idag har det vore over 20gr.så vi har kunna site på altanen for første gong i år.har vore ein tur i Straumen og skrapa på hytta til Odd,men blaut kledning så måling må vente litt.her er alt ok.Har nettop hatt besøk av Geir Arne og Ingunn,ei koslig dame.3-4 dagar til før de når Belgia??God tur vidare.
Norunn/Jarle Hei Leidulf og Lillian. Bra de har fint vær. Er enda bedre heima enn her. Inn i Belgia på Torsdag hvis da går etter planen. Belgia tek me på to dagar.