Profile
Blog
Photos
Videos
HALLO.
ME ER KOMNE LANGT FRÅ TARIFA. OVER 2000 KM.
Vakna i dag med høljeregn. Hadde da ikkje so kjempetravelt med å komma avgarde. Pakka og gjorde oss klare. Slutta å regna omtrent når me begjynte å sykla. Var truande med regn heile dagen, men me unngjekk da. Starta med regnkle, dei tok me av etter ein halv time. 15 varmegrader so ikkje noko å sei på tempraturen.
Hadde ikkje den heilt store trua på at me skulla koma so langt i dag, når me høyrde regnet tromma på taket når me vakna, men blei no nokon kilometer i dag og.
Var innom eit slott i Apremont i dag. Da opna desverre ikkje før klokka 14.00, og me va dar klokka 11, men fekk no tatt nokre bilder utafor. Stort og flott var da ivertfall.
Me er inne i eit område kor da ikkje er so mykje overnattingsmuligheitar. Blei litt engstlige i dag når det lei på dagen og me ikkje fann noko. Såg eit skilt som det sto Saint Andre residence på. Tenkte da var ein overnattingsplass. Norunn inn for å høyra om da var noko ledigt. Holdt på å drepa seg av latter når ho kom ut igjen. Da va ein aldersheim. Får venta litt med da. Etter mykje strev so fekk me oss ein plass i dag og.
Tatt inn på bead and breakfast i dag. Privat hus, som har innstalert oss på loftet hjå dei. Utruleg kjekke folk. Kan ikkje eit ord Engelsk. Med kulepenn og tegnspråk er da utruleg ka som går. Blei invitert ned til dei på kjeks og kvitvin. Etterpå so laga husfrua pasta til oss. Kopierte eit kart til oss og kom med tips til vegen vidare.
Slite litt med å få lagt inn både blogg og bilder om dagen, men prøver so godt me kan. Får ikkje lagt inn alle bilda. Dei blir ikkje liggande i rett rekkefølge heller. Da får no bli som da blir.
- comments
Leidulf og Lillian. Hei, her er overskya, med gløtt av sol.Skal de følja kysten eller tek det beinvegen rett over? Har de tenkt dikka over til England og?Er ikkje så mykje de går glipp av heime,blir vel ein tur i Straumen i dag,for oss. God sykkeltur vidare.
Norunn/Jarle Hei Leidulf og Lillian. Me teinkte å ta beinvegen, men er so utruleg dårlig med overnattingsplassar so me får sjå. Blir anten Jersey eller England eller begge deler. Jersey er no foresten Engelsk.
Stine-Iren Hehehe.ser da føre meg når ho kom ut igjen fra den aldersheimen:) klarde vel ikj snakka på nåken tima;)
Jarle/ Norunn Stemme da Stine Iren :))