Profile
Blog
Photos
Videos
Eg fekk sove til litt over ni, før Eilen kom å lurte på om eg ikkje skulle stå opp. Tok oss ein dusj, før me pakka litt av tinga våre, fordi me reise vidare i kveld.
Gjekk til buss-stasjonen, fordi me skulle inn til byen. Tok ein av bussane som det sto 'City Centre' på, men fant seinare ut at det var feil. Me skulle eigentleg teke ein som gjekk til byen på skinnar, og som ville ha teke 5 minutt. Den me tok brukte 30 minutt.
Kom oss tilslutt inn i byen, kvar me gjekk å kikte litt. Eg kan ikkje dy meg når det gjeld bøker, å kom ut frå ein second-hand/antique bok butikk med tre bøker. Etterpå var me litt på internettcafeen, kvar me ringte heim å snakte med dei der heime.
Gjekk så å hadde lunch, før me skulle gå til jobben til Anne Brit, fordi ho skulle ta oss med heim. Når me kom opp såg me at det regna kattar og hundar. Jippi. Å dette skulle me gå fire kvartal i. Nice.
Etter to minutt i regnet var me blaute, å når me kom frem til jobben til Anne Brit var me gjennomblaute. Reiste heim å fekk på oss tørre klede. Eg gjekk rundt i gule surfer shorts, langekvite sokkar å ein rosa fleece genser. Kan tenke meg det såg lekkert ut.
Sidan me ikkje kunne dra av gårde i blaute klede reiste me ned til eit vaskeri, kvar me fekk tørka det som trengte det. Stakk heim etterpå, kvar me pakte ferdigt. Så var det avgårde til buss-stasjonen.
Bussen reiste frå Adelaide klokka 20. Me leste, såg filmen 'Scoop' å sov ein del. På eit av stopp-punkta var me litt lengre enn planlagt, fordi det var ein mann som dreiv å trua folk lengre bak i bussen. Det viste seg at han var full, og medan me var på stoppen kom politiet å henta han.
Me sov resten av turen, og var fremme i Ballarat halv seks om morgonen.
Ine
- comments