Profile
Blog
Photos
Videos
Eilen var oppe klokka 9, medan eg låg og drog meg til halv 10. Hadde frokost, å kikte etter ein soveplass i Ballarat, neste stopp. Etterpå kjørte me tilbake til Anne Brit, kvar me laga lunch før neste kjøretur.
Første stopp var Barossa Valley, vindistrikted i South Australia. Stoppa på tre vineri, men eg blir fort dårleg av vin, så me smaka ikkje på så mykje. Fekk sett mykje natur, og teke ein del bilete. Besøkte også eit mausoleum til ein lokal vinfamilie, men det var låst.
På veg heimover såg eg også ein flokk med noko som likna kenguru. Det var anten kenguru eller wallaby. Eg fekk ikkje studert dei, så eg kan ikkje sei noko sikkert.
Når me kom til Anne Brit viste ungane hennar bussplassen til oss, sidan me tenkte oss inn til byen dagen etter. Var ganske trøtte, så me var ganske tidlige i seng.
Ine
- comments