Profile
Blog
Photos
Videos
Var oppe klokka 8 i dag, fordi me måtte sjekke ut før halv 10. Kom oss ut, før me stod ein halvtime i sola å venta på ein slektning av Eilen. Me skal bu sjå henne i nokre dagar, før me reiser vidare.
Klokka 10 blei me henta av Anne Brit. Etter å ha blitt henta, snudde me nasen mot sjøen og kjørte til Glenelg. Gjekk ein liten tur der, å fekk teke litt bilete. Vår første strand i Australia, men det er for kaldt til å bade.
Etter Glenelg kjørte me opp langs kysten. Me var også på eit kort sjå ei venninne av Anne Brit, før me kjørte vidare. Me kjørte så heim med tinga, heiv dei inn å reiste til ei anna venninne av Anne Brit.
Denne venninna heite Ingvild, og kom opprinneleg frå Randaberg. Ho laga middag til oss, og til dessert fekk eg og Eilen is (Eilen seie JIPPI!). Me satt ei stund å snakte, før me gjekk i seng.
Ine
- comments