Profile
Blog
Photos
Videos
Låg å drog oss til rundt 10 i dag, men me kom oss opp tilslutt å fekk i oss frokost. Første post på programmet i dag var Greyhound, kvar me skulle høyre litt om ruter ut frå Adelaide og mot Melbourne. På kartet me hadde var Warrnambool og Port Campbell stopp-punkt, men ikkje nå lengre. Så då bestemte me oss for heller å reise til Ballarat, så vidare til Melbourne.
Etter å ha vore å snakka med Greyhound gjekk me over veien til Central Market, eit stort innendørs marked. Der var det masse boder, der dei fleste selte anten kjøtt, brød, grønnsaker eller anna mat. Me fann og ein liten bod som solgte bøker (sjokk!).
Eg hadde tenkt å kjøpe nokon suvenirar, men hadde ikkje kontant. Så istaden for å kikke litt rundt gjekk me to kvartal tilbake for å finne ein minibank. Når me kom tilbake såg eg at minibanken var 3 meter lengre borte. D'OH!
Handla litt når me var på marknaden, men åt det meste der. Me hadde jordbær i sjokoladesaus (NAM!), turkish delights (snop), fruit jubes (meir snop), litt som Eilen kjøpte, og sist men ikkje minst: Biff Teryaki Sushi! Hadde ein bit, men sliet med smaken. Anten var det biffen som smakte dårleg, eller var det omslaget. Kva ein det var, så smakte det bad.
Fekk kjøpt nokon suvenirar i løpet av dagen, som eg ikkje vil nemne her, fordi dei skal være overraskelsar når eg kjem.
Avslutta dagen med avslapning i nokre timar, og middag i ni-tida.
Ine
- comments