Profile
Blog
Photos
Videos
Sov som vanleg til klokka 10, men var litt seine ut fordi Eilen måtte lade kameraet sitt. Når me kom oss ut gjekk me ned til buss-stasjonen å booka billett til Ballerat og så vidare til Melbourne.
Etter å ha bestilt bussbillett sette me nasen mot Rundle Mall, å litt meir vindushopping. I staden fann eg ein teikneseriebutikk, som heilt tilfeldigt hadde salg. Eg kunne ikkje la ein slik situasjon gå frå meg, og gjekk derfrå med 8 teikneserie hefter.
Så var det på tide med litt eigen-guida sightseeing. Me hadde eit kart som me fylgde, og fekk teke ein del bilete. Fann endå ein teikneseriebutikk kvar dei hadde salg, og forlot butikken med to bøker til 25 kr kver (BILLIGT!). Hadde og tenkt å kjøpa ein strikkavest som eg hadde sett på i går, men den var der ikkje lengre. Litt irriterande.
Til lunch hadde me pizza på ein av dei mange food-court-ane dei har her, og dessert var sorbet frå ein av kioskane i gata. Kort tid etter var me på veg heim, men eg måtte innom den første teikneseriebutikken ein gong til. Eg gjekk derfrå med ein teikneserie omnibus (hallo, salg!).
Når me kom tilbake til hostelle var det på tide med ompakking, fordi dette var siste natt her. Sekken er ganske full nå, og planen er å kjøpe ein ekstra koffert i Brisbane. Me kjem til å trenge det.
Ine
- comments