Profile
Blog
Photos
Videos
I dag var me opp halv 9, pakte litt og hadde frokost. Så var det å pakke ferdigt, før me sjekte ut. Så bar det inn til byen, kvar me handla litt snop og brus. Satt så på food courten me is, medan me venta på at me sko gå på kino.
Klokka 11.50 var me på kino å såg filmen 'UP'. Den var kjempesøt og morosam, men som tidlegare nemnt gidd me ikkje komme med ein filmanmeldelse. Det er nok å seie at dykk bør sjå filmen.
Etter kinoen kikte me litt i bokbutikkane, før me gjekk tilbake til Alice Lodge. Derfrå tok me taxi til flyplassen, kvar me sjekte inn og kom oss tidleg på flyet.
Me ankom Adelaide litt før 7 om kvelden og tok buss til byen. Me sleit litt med å finne hostelle, men me fekk litt hjelp av tre australske jenter som skulle til nabohostelle. Me fekk sjekka inn, men ingen av kortene mitt ville verka, så Eilen måtte betala. Det var ganske rart, fordi korte funka i minibanken litt bortføre hostelle.
Tok så turen bort til ein McDonalds, kvar me hadde kveldsmat. Tilbrakte også ein time på ein internettcafe, kvar eg snakka med dei heima. Så bar det tilbake til Shakespeare Hostel for å legga oss.
- comments