Profile
Blog
Photos
Videos
Me sov til kvart på 10 i dag. Eg sov ganske uroligt, og drømte veldigt (noko om ein edderkopp i taket, og at det torna utanfor). Så var det å stelle oss, å komme oss ut å kjøpe noko til frokost. Frokost var muslibar, som vart åte medan me gjekk langs Rundle Street.
På Rundle St fann eg ein bokbutikk, kvar eg kjupte boka Lolita, som står på leselista mi. Eg byrjer allereie nå å få ein del bøker, korleis skal dette gå når me har to månadar til her.
Når klokka nærma seg halv 1 gjekk me til ein buss stopp å prøvde å finna rett buss, ein som gjekk til Unley Road. Me sleid først, men fekk så hjelp av ei som skulle same vei.
Grunnen til at me skulle til Unley Road var at me skulle på omvisning på Haigh's sjokoladefabrikk. Me byrja omvisninga med eit foredrag på fem minutt, før me fekk litt sjokolade å nyte. Å nyte den er verkeleg rett ord å bruke, fordi den var kjempegod. Når omvisningen var slutt handla me litt sjokolade, før me tok buss tilbake og gjekk på 'shopping' på Rundle Mall.
På Rundle Mall fant me Lush, kvar me stod å snakte litt. Heldigsvis har dei Lush butikk i Brisbane, fordi det er ein butikk eg skal handle ein del i før me reiser heim. Eg kjupte eit tyggebein å eit handklede som gave til babyen min, Molly, og til lunch hadde me meksikansk. Det var den størte porsjonen ever, til kun 45 kroner. Nice.
Etter lunch var det oppover i senteret, kvar eg fekk kjupt meg en bikinitopp. Endeleg! Eg har lett lenge etter ein bikinitopp som ikkje er halterneck, å endeleg fant eg ein! Woop!
Avslutta kvelden med ein tur på internettcafen, kvar Eilen fekk snakka me foreldrene.
Ine
- comments