Profile
Blog
Photos
Videos
Etter me hadde ankome satt me rundt ein time på stasjonen, berre for å få tida til å gå. Me var usikre på kva tid me kunne få sjekke inn, men når klokka nærma seg 7 gadd me ikkje meir. Då gjekk me til hotelle, kvar me heldigvis fekk sjekka inn med ein gong. Når me kom inn på rommet var det berre å sove frå halv 8 til 11.
Me stod opp igjen klokka 11 og sette kursen mot det me håpte var handledistriktet i byen. Trøtte å ikkje fult utsovne gjekk me rundt i gatene å kikte. Hadde lunch på Subway, før me begynte denne vekas quest : finne eit supermarked. Me fekk instruksjonar av ho eine som jobba på Subway, men etter å ha kryssa vegen å gått til venstre kunne me enda ikkje sjå dette her supermarkedet. Hmm...
Me gjekk opp langs gata, kvar me fann både McDonalds og ein drikkebutikk, men supermarkedet var ikkje til å finne. Vi gjekk tilbake og prøvde på ny, og denne gongen fann vi det, til slutt. Viste seg at det var over vegen, gjennom gågata og så over vegen. Stress.
Etter det nærma det seg stengetid for butikkane, og me snudde nasen mot motelle. Der kjupte me litt internett, og fekk ringt heim, før me la oss for kvelden.
Men me kan ikkje gløyme det beste! Me hadde eige bad!!!
Ine
- comments