Profile
Blog
Photos
Videos
Sto opp klokka ni, fordi me hadde litt å gjere denne dagen. Hadde frokost på rommet, sidan me hadde toaster der. I mangel på knivar brukte me skjeier til å smøre på skjevene. Lekkert.
Tok så bussen til Sovereign Hill, eit levande museum. Det visar korleis byen Ballarat var på slutten av 1800-talet, under gullrushet her. Veret var ikkje det besta, med nokon regnbyger nå og då. Første gong det regna var me heldige å fann ein peis som me stod å varma oss foran.
Me hadde lunch på Sovereign Hill, kvar vår Steak, Bacon and Cheese pasty, noko som var veldig godt. I tillegg kjøpte eg ein eplepai som eg tok med meg, og Eilen hadde ei småkake.
Etter Sovereign Hill var me ein kort tur på gull museumet, som var rett over vegen. Etterpå retta me nasen tilbake til motelle, kvar me pakte og la oss tidligt.
Ine
- comments