Profile
Blog
Photos
Videos
I dag byrja dagen klokka 04, når me heiv i oss ein toast kvar og pakte ferdig. Så var det inn i taxien og ned til stasjonen. Bussen reiste frå Ballarat 05.10, og ankom Melbourne halv 7 om morgonen.
Me tok oss god tid når me gjekk frå bussane og bort til toga. Fekk hjelp til å vete kva tog me skulle ta, men likevel greide me å ta feil tog. Det ende opp med at me stod på perrong 2 på siste stopp i sone 1, og toget som gjekk tilbake til byen gjekk om to minutt frå perrong 1. Me måtte raske me oss det me hadde og gjekk kjappgang bort til brua. Viste seg at trappa var på utsida! Kjappgang tilbake, ut på utsida, bort til brua og skynte oss opp trappa. Der kom toget, jogge ned trappa å hoppe inn dørene rett før dei lukka seg. Så var det å finne seg eit sete!
Fant oss kvar sitt sete til slutt, men endte opp med å sitte inners. Og toget blei ganske fult, ettersom det stoppa på veg inn til byen. Så når endeleg me skulle av var det mange 'unnskyld', 'sorry', 'kan me få komme ut, please?'. Kom oss endeleg av toget, og då hadde me den oppgåven å dinne ut kva retning me skulle i. Vart peika i rett retning, og kom oss avgårde.
Me skulle til Punt road 240, og når me svingte ut på Punt Road sa det nærmeste skilte 76. Hmm...Neste skilt sa 'Lord Lodge', og 240. Rart nummer system, men godt at me ikkje trengte å gå lengre.
Me kom oss innføre, kvar me fekk heve i frå oss bagasjen. I tillegg fekk me ein del informasjon om Melbourne av Gretel, ein av dei som dreiv Lords Lodge. Kan berre sei det med ein gong, at viss du skal til Melbourne, bu her, fordi folka var dei beste!
Etter at me heiv inn tinga våre gjekk me ut og bort til Chapel Street. Me hadde frukost i ein liten food-court, før me gjekk vidare å forsette vår vindushopping. I dag vart det faktsik meir enn berre vindushopping. Meg og Eilen kjupte oss kvar si kose/joggebukse på Cotton On Body, til 10 dollar kvar. I tillegg kjupte eg ein julegåve til Kjell.
Itte kvart heada me tilbake til hostelle, kvar me fekk komt oss inn på romme. Me var sett på jenterommet, kvar me delte rom med tre greie jenter og ei rar. To av dei greie var irske, og hadde vore der i 3, og 5 og ein halv månad. Den siste greie personen var Esther, frå Malaysia. Den rare jenta var frå Australia, vart ikkje mykje sett i løpet av dagen, drakk av vår brus dei eine natta, og hadde ein vane med å skrike i søvne. I tillegg hadde ho stor sjanse for å falle ut av senga, men me såg ikkje noko til verken skriking eller falling. Ganske greit det.
Lords Lodge, i tillegg til å ha supre folk, hadde også gratis WiFi. JIPPI! Det gjorde at me fekk ringt heim, å sitt litt Fringe i tillegg.
Ine
- comments