Profile
Blog
Photos
Videos
Var oppe halv ti i dag, å fekk nokre veianvisningar til nærmaste 7-11 av Pat. Gjekk så bort der, kvar me kjupte ein sundagsbillett til trikken. Hadde eigentleg tenkt å ta trikken rett til St. Kilda, men eg hadde sjølvsagt gløymt å låse skapet. Så då bar det tilbake til rommet for å låse skapet, før me kom oss avgårde igjen.
Me hadde tenkt oss til St. Kilda fordi på sundagar er det marknad der, langs esplanaden. Når me kom bort der så fann me ikkje anna enn vind å regn, så me snudde nasen mot ei anna gate, ei gate med mange kakebutikkar. Eg greide å finna ein lekker vest til 10 dollar, som eg berre måtte ha. I tillegg hadde me lunch, kvart vår stykke med kake.
Reiste etterpå til byen, fordi me hadde tenkt å kjøpe vår neste bussbillett, men når me kom frem var det stengt. ARG! Då var det tilbake til Prahran og hostelle, men først måtte me handle mat. Me tok trikken til Chapel Street, kvar me handla mat. I tillegg fann me ein hettegenser kvar på Cotton On Body, som me berre måtte ha.
Vel tilbake på hostelle laga me middag, det sama som i går. I det me skulle gå frå bordet kom Ichio frå Kina å sette seg ned, å litt etter kom Mark frå Irland. Det gjorde at me blei sittande ei god stund å snakke.
Så kom kveldens elegante krumspring: I det eg skulle reisa meg frå stolen å gå inn på kjøkkene greide eg å snuble i mi eiga bukse. Det gjorde at eg stupte fremover i betongen. Eg haldt tallerkenen min i handa, så eg sette ut kneet for å redda den. Så nå har eg blått kne og rød legg. Morosoamt, med tanke me skal på ein tur i mårå, med ein del gåing.
Ine
- comments