Profile
Blog
Photos
Videos
Første morgon i Melbourne starta klokka halv 10. I tillegg til frokost var morgonen også brukt til å vaske litt klede. Når det var ferdigt reiste me inn til byen, kvar me hadde lunch på Lord of Fries. Eilen hadde berre pommes fries, medan eg hadde ein miniburger (med rar burger) og pommes fries med ost og kjøttsaus. Det var uvant, men godt.
Etter lunch hang me litt på Federation Square, kvar me fekk litt gratis ting i forkant av AFL finalen, som skal vere i morgon kveld. Her i Melbourne er stemningen enda meir spent enn nokon anna stad, fordi eit av laga, St. Kilda, kjem frå ein av forstadane til Melbourne, St. Kilda. Det andre laget, Geelong Cats, kjem frå den nest største byen i Victoria, Geelong, som ligg 40 km frå Melbourne.
Etter Federation Square gjekk me oppover gatene, kvar eg fann ein spelebutikk som hadde tilbod på simsspel. Der fekk eg kjøpt to stæsjpakker til 15 dollar, som er 75 kr. Nice.
Etter det var det opp i byen å leite etter Haighs sjokoladebutikk. Før vi fann den byrja det å regne noko skikkeleg, men heldigvis hadde me kjøpt paraplyar tidlegare på dagen.
Tok så trikken til Chapel Street, kvar vi handla mat, før me gjekk heimover. Er ganske sikkar på at det er her me byrja den fine tradisjonen av å ha kveldsmat rundt klokka 9.
Ine
- comments