Profile
Blog
Photos
Videos
No kan vi eigentlig berre reise heim igjen for no har vi endelig sett den Kinesiske Mur!
Beijing, China
Den store muren, The Great Wall, den Kinesiske mur, ein av verdens sju underverker, er den mest kjende tingen å besøke i Kina. For Maria var det den viktigaste grunnen for å reise til Kina! Maria kallar den kinesiske mur berre for: Muren! For Karina er den kinesiske mur; Maria sin mur! Derfor skal Karina vere sjenerøs og la Maliya (vi kalla ho berre Maliya no, ettersom det er hennar kinesiske namn) fortelje om dagen over alle andre dagar; nemlig dagen på Muren!
Maliya forteller:
Laurdag var det endeleg vår tur til å besøke Kinas største landemerke! Den delen av Muren som vi besoekte heiter Juyongguan-passet. Utflukta var arrangert av EF, og vi reiste saman med fem andre studentar og ein sjåfør som ikkje kunne eit kvekk engelsk. Turen til Juyongguan fekk ein litt trøblete start: fem meter frå skulebussen, midt i gledesrusen over å endeleg skulle få draumen om Muren oppfylt, kom eg på at minnekortet ikkje var i kameraet. Etter eit aldri så lite panikkanfall frå mi side, vart vi einige om å putte Karina sitt minnekort i mitt kamera, og alt ordna seg!
Då vi steig ut av bussen halvannen time seinare og såg opp, sto vi med ei kjensle av ærefrykt heile gjengen. Til og med Karina, som heile tida har småmobba meg for min fascinasjon for Muren, vart imponert! Med gledestårer i augekroken (for min del), supergira og ved godt mot tok vi fatt på trappene. Stigninga opp til vakttårna er stor, og det er noko med kinesarar og trapper generelt. Tidlegare har vi klaga over at trappetrinna er alt for lave i Beijing, men det problemet slapp vi her. Der var riktig nok nokon små trappetrinn innimellom, men dei aller fleste var nærmare halvmeteren. Med andre ord: vi var up for ei skikkeleg treningsøkt!
Heilt nede ved inngangen til muren var det fullt med folk, og vi fekk nok ein gong kjenne på superstjernekjensla. Naar du er lyshåra i Kina går det ikkje lange stunda foer ein kinesar grip tak i armen din, viser peace-teikn og smiler stort til fotografen, mens du litt småflau gjer det same. Og det er ikkje berre følget til "den heldige" som tek bilde; plutselig smiler du ikkje berre til ein, men fem-seks fotografar! Vi har i grunn blitt ganske vant med dette, og det er alltid like koseleg når vi ser kor glade dei blir :)
Etter ein god del fotoseansar, samt pusting og pesing, nådde alle sju studentane første vakttårn. Etter dette var det berre fire av oss som valde å fortsette ferda oppover. Folkemengdene vart berre mindre og mindre jo lenger opp vi kom, og til slutt hadde vi Muren for oss sjølve. Utsikta var fantastisk, og eg vart meir og meir imponert jo lenger opp vi kom. Filmen Mulan er vår begges favoritt-Disneyfilm, og vårt første inntrykk av Kina kom via denne filmen. Derfor var det å vere på Muren nesten litt som å vere med i Mulan! Vi hadde null problem med å leve oss inn i denne kjensla; eg hadde med soundtracket på mp3, i tillegg til at vi begge kan halve filmen utanat. "HUNERNE KOMMER!" Då vi endeleg var oppe ved øverste vakttårn, måtte vi understreke dette med eit ekte seiersbrøl! Dessverre fekk vi ikkje så lang tid på Muren, men det var fantastisk så lenge det varte!
(Karina er tilbake i blogginnlegget)
Daa vi klatra paa den kinesiske mur kjente vi godt melkesyra, saa vi hadde eigentleg planar om aa ikkje bevege oss i det heile tatt paa soendagen. Men det gaar ikkje an aa ligge inne aa sove naar ein bur i ein by som Beijing! Vi bestemte oss derfor for aa staa opp tidlig paa søndag (10-11-tida), og ta turen til det fantastiske Sommerpalasset saman med Franziska. Etter ein lang lunsj, og litt feilvurdering naar det gjelder subway-stopp, kom vi endeleg fram til planlagt destinasjon (ved litt hjelp av taxi). Daa var klokka allereie 3, og i foelge den smaasure dama i billettskranka, var det ikkje lenger mogleg aa kjoepe through ticket, dvs billett som inkluderer tilgang til alle severdighetane. Sommerpalasset er saapass beroemt at vi bestemte oss for aa komme tilbake dagen etter, slik at vi kunne faa moglegheita til aa sjaa alt. Men staute vikingar som oss (og Franziska) gir ikkje opp saa lett! Saa vi hoppa inn i naermaste taxi og tok turen til naermaste attraksjon; Fragrant Hills Park (De Duftende Fjell). Denne parken skal vere spesielt vakker om hausten, og no er det vinter. Fragrant Hills Park minner meir om ein skog enn ein park. Det er mogleg aa ta taubane til toppen av det hoegste fjellet, som er ca 500 moh. Parken vart foerst bygd i 1186, og har sidan vorte brukt som fritidsresidens for kinesiske keisarar. Dei fleste palassa og tempela vart oedelagte av europearar paa slutten av det 19. aarhundret. Fragrant Hills Park er fortsatt viktig, bl.a. hadde Mao hovudboligen sin her. I dag blir parken flittig brukt av kinesarar, som gjerne reiser hit for aa unnslippe bylivet. Kjernenordmenn som vi er, var dette den perfekte soendag paa tur i skog og mark! Vi var mest gira paa taubana, men denne var stengt, sannsynlegvis fordi det er vinter. Vi vandra istaden rundt blant ruinane i 2-3 timar, medan vi ofra Oreokjeks til bakken som unnskyldning for europeiske synder. Dagen etterpaa foelte vi oss litt snytte for dei Oreo kjeksa daa vi fann ut at kinesarar liker aa skylde paa europearane generelt, sjoelv dei gongane guideboka nemner kulturrevolusjoen.
Mandag var vi tilbake paa skulen, og sidan vi vart tidlig ferdig, skynda vi oss tilbake til Sommerpalasset, og vi kom fram heile 15 min foer dagen foer! Det var fortsatt for seint aa kjoepe through tickets, men denne gangen ville vi inn! Det nydelige Sommerpalasset var det siste store byggeprosjektet i det keisarlege Kina. Paa slutten av 1800-talet bestemte enkekeisarinne Cixi seg for aa bruke statsbudsjettet paa aa bygge Sommerpalasset, i staden for aa bruke pengane paa noko saa vulgaert som krig. I dag har vi ikkje noko problem med dette, sidan det er eit fantastisk palass! Karina gjekk saa langt som aa erklaere at dette er hennar framtidige Beijing-residens. Dette gledar vi oss til! Det var eigentleg ganske greitt at vi ikkje fekk kjoept through tickets, daa vi berre fekk tid til aa sjaa det mest vesentlige. Den laaange utandoerskorridoren paa 728 m, og Buddhas kraft tempel var hoegdepunkta (sjaa bilder).
Mandag var ogsaa den 15.dagen i det nye aaret, heilagdagen Yuan Xiao Jie. Dette er den siste dagen kinesarane har lov til aa skyte opp fyrverkeri, dvs at alle saman vil bruke opp det dei har. Det er ogsaa vanleg aa sende opp lanterner; dette ville vi gjerne faa med oss. Kinesarane legger seg visst nok klokka 10 om kvelden, og daa vi kom til Qianmen i 9-tida, var det berre ei lanterne igjen. Etter aa ha vandra gatelangs paa jakt etter ein butikk som selde lanterner, maatte vi etter ei stund innsjaa at vi sannsynlegvis hadde gaatt glipp av den vakraste kvelden i vaare liv.
Nokon endte kvelden paa Juicy; andre ikkje. (Gjett kven som gjorde kva!)
- comments
mamma og Marie Flott tur, men det såg virkelig bratt ut !! Hadde vore kjekt å vore der, ja. Klemmar savna deg klem frå Marie
Marianne One wonder down, six more to go! :) (Taj Mahal down for meg)
Vilde Skulle gjerne vore med å sitere Mulan der, altså! Må jo vere den ultimate plassen. Syns dåkke skal ha creds for Oreo-ofringa, forresten ;)
Ingunn Gleda meg til å besøke deg og din framtidige beijing residens, Karina;)