Profile
Blog
Photos
Videos
Ja, no blogga vi direkte frå stranda!
Eigentleg skulle vi vere på Bali i desse dagar, men sanninga er at vi er på Gili-øyane utanfor Lombok.
Den 30.mars landa vi på flyplassen i Denpasar; hovudstaden på Bali. Vi hadde brukt heile formiddagen på å klekke ut ein plan for vårt opphald i Indonesia. Dette var ikkje berre berre, då ein eller anna jævel hadde stjelt Lonely Planet boka vår om Bali og Lombok i løpet av natta. Vi kom til slutt fram til vi er slitne etter fleire veker på farten og det beste ville vere om vi fann ei øde øy og chilla i nokon dagar. Draumen om å leve som Robinson Crusoe vart brutalt knust då vi stod på båtkaia, omringa av partysvenskar. Gili Trawangan, også kjend som party-øya, var tydeligvis ikkje det beste valet. Jaja, vi får berre late som vi er på sydenferie. RØLP!
Før Indonesia var vi i Singapore. Og før det igjen, så var vi i Kambodsja. Vi fekk eit aldri så lite kontrastsjokk, då Singapore er eit av dei rikaste landa i Asia, og Kambodsja er eit av dei fattigaste. Vi ankom Kambodsja med båt den 23.mars. Båten gjekk frå Chau Doc tidlig på morgonen, vi stoppa halvvegs for å få stempla passet og innfridd nytt visum, før vi fortsette mot Phnom Penh kor vi var framme i 2-tida. Båtturen var siste etappe på vår guida 3 dagars-tur på Mekong Delta. Tidlegare hadde vi vore innom ein kokkosnøttgodterifabrikk, Can Tho (hovudbyen i Mekong Delta) og den flytande marknaden. Vi har også båta på elva og overnatta på 3 stjernes hotell. Vi bestilte dinna turen med Kilroy like før vi reiste, men no som vi hadde vorte litt meir erfarne reisande, angra vi litt på det. For det første var vi dei einaste påmeldte; tre jenter og ein vietnamesisk guide kan bli litt kleint i lengda (les førre innlegg). Sjølv om dinna her var den beste av dei tre. For det andre var turen dyr og dei stadane vi var innom var veldig «på turstien». Vi hadde lett kunne gjort same turen utan guide, og meir interessant. Jaja, man lærer så lenge man lever.
Favorittstaden vår i Mekong Delta var Chau Doc, då vi fekk vandre rundt på eigen hand. Vi møtte blant anna desse to (bilde) To morosame jenter på 13 år (!) som selde nokon sveleliknande kaker. Dei endte opp med å følgje oss heile kvelden. Men dei var ikkje dei einaste som tok kontakt. Chau Doc er ein mindre by på ca. 150 000 innbyggarar, og er mest kjend som grenseby og inngangen til Kambodsja (ettersom båten går herifrå). Folk var derfor ikkje fullt så vandt med turistar, og vi følte oss som om vi var tilbake i Kina med alle dei som ville ta bilde av oss, eller bere øve på engelsken sin.
Men tilbake til Kambodsja; etter Mekong Delta var vi altså 5 dagar i Kambodsja. I det vi gjekk av båten i Phnom Penh vart vi møtt av to ting som skulle prege vårt opphald i landet. Det første var den intense varmen, det andre var ein heil haug med pågåande seljarar. Vi hadde allereie booka eit hostell, og sidan vi alle tre er spreke jenter, så avviste vi alle tuktukar og gjekk på beina til hostellet. «Hey, excuse me lady, it's very rude of you to say you already have transport when you are walking!"
Ettersom vi var framme i Phnom Penh allereie i 2-tida, fekk vi tid til litt sightseeing. Vi besøkte Wat, eit buddhistisk tempel plassert på det høgaste punktet i byen (ikkje særleg høgt) og nattmarknaden. Dagen etterpå reiste vi til Tuol Sleng Genoside Museum, som handla om den fryktelige tida under Khmer Rouge styret då meir enn 1,5 millionar vart drepne. Det var eit veldig sterkt besøk, spesielt med tanke på kor lite vi visste om hendingane frå før. På ettermiddagen skulle vi besøke The Royal Palace, men sjølvsagt hadde kongen av Kambodsja komt oss i forkjøpet, og han tar så mykje plass at vi ikkje slapp inn. I staden besøkte vi tempelet som tilhøyrer palasset, kjend som sølvpagodaen. Dvs. Karina og Marianne besøkte det, Maria var for uanstendig kledd så ho måtte vente ute (skuldrane må dekkast til, men skjerf kan ikkje brukast til det).
På kvelden hadde vi store ambisiøse planar om å ete edderkopp (ei delikatesse frå landsbygda), men vi ankom restauranten eit kvarter før kjøkkenet stengte. Vi MÅ tilbake!
Morgonen den 25.mars tok vi bussen til Siem Reap. Bussturen var 6 timar lang og veldig underhaldande. Faktisk så underhaldande at det var heilt umulig å sove! Men kven vil vel sove når ein i staden kan sjå på kambodsjanske musikkvideorar og dårlige standup-show med maks volum.
Backpackarar bur som oftast på hostell. Hostell er billige, og ofte er kvaliteten deretter. Det vi derimot ikkje visste før vi reiste på dinna turen, er at asiatiske hostell har ein ganske god standard, hostellet liknar som oftast på eit hotell. Men som sagt, dette visste ikkje vi, så vi hadde derfor boooka eit betre hotell for vårt opphald i Siem Reap, som ei slags pause etter alle dei «fæle» hostella. Med turen på Mekong Delta vart dette vårt tredje 3-4stjerners hotell på rad. Men for all del, vi klagar ikkje, vi er berre litt bekymra for at vi heretter kjem til å sette standarden for høgt. Det dårlige med hotellet vårt i Siem Reap, var at Maria måtte sove i ekstraseng og vi hadde berre to balkongar til tre personar. Skjerpings!
Siem Reap er eigentleg ein mindre by i Kambodsja, men dei siste 5-10 åra har den vore det hottaste reisemålet i verda. Årsaka er sjølvsagt det legendariske Angkor, som ligger rett utanfor byen. Angkor var hovudstaden i Khmer-imperiet som regjerte området frå ca. 900 til 1400-tallet då området vart forlatt. Dei fleste templa og palassa vart gløymt, men det mest kjende; Angkor Wat har aldri vorte overlatt til naturen og har blitt eit symbol på Khmer si stoltheit sidan. Angkor Wat er også det største religiøse komplekset i verda.
Til tross for ein slitsam busstur, reiste vi ut for å sjå solnedgangen frå Angkor Wat allereie den første dagen. Dagen etterpå stod vi opp klokka 04 om morgonen for å få med oss soloppgangen (vi likar sola). Den første dagen tok vi tuktuk til Angkor, men den andre dagen hadde vi leigd syklar. Det kjekke med syklar er at det er billig, miljøvenlig og vi kan reise rundt i vårt eige tempo utan å tenke på ein eventuell sjåfør. Det ikkje fullt så kjekke er at vi var langt i frå lommekjend i området, så vi endte opp med å sjå soloppgangen frå sykkelsetet i staden for frå toppen av eit fjell, slik planen var. Etter kvart som sola steig høgare fulgte temperaturen etter, midt på dagen var der nærmare 40+ grader C. Men Angkor er fantastisk, og vatn kunne kjøpast på kvart tempelhjørne, så vi endte opp med å gå rundt heile dagen. Vi var tilbake på hotellet i 5-tida, meir enn tolv timar etter at vi drog derifrå. Dagen etterpå var heile gjengen slitne, og sidan vi hadde eit fly seinare på kvelden, ville Marianne og Maria heller nyte morgonen på luksushotellet vårt og utforske byen, enn å dra ut i jungelen for å sjå på tempel. Karina (nerden) tok seg derfor ein halvdags i Angkor aleine, ikkje på sykkel, men med sin eigen private tuktuk.
Vegen er ikkje lang mellom fattige Kambodsja og eldgamle tempel, til strålande moderne Singapore! Berre 2 og ein halv time med fly. Kvelden den 27.mars sjekka vi inn på eit knøttlite, men skikkelig koselig hostell (happysnail … link), 3 MRT stopp utanfor sentrum. I Singapore kan alle engelsk, ein fjerdedel av alle folka vi såg var av europeisk opphav, internettet var kjemperaskt og ikkje minst, byen er funklande rein. Var vi fortsatt i Asia? Nei, faktisk så er Singapore heile verda pressa inn i ein by, eller dvs. Europa og Asia (dei einaste kontinenta vi har vore i så langt) pressa inn i ein by. Og ja, dette vesle landet har alt! Skyskraparar, fancy operahus, victorianske bygningar, Chinatown, Little India, Arab Street og til og med ei strand. På dei to dagane vi hadde til råds var vi innom alt unntatt stranda. Stranda unngjekk vi med vilje ettersom neste stopp var Indonesia.
Og no sitte vi her; lykkelige, solbrente og proppa fulle med is. I morgon forlet vi Asia og reiser til Australia kor vi skal dykke i ei veke før vi skal leige bil og køyre til Sydney. Skippy, here we come!
- comments
Lene Maria, då! Uanstendig kledd? :-) Kjempeflott innlegg og bilder! Kos dokke masse vidare!
Maria Singlet, ikkje t-skjorte;) Veldig uanstendig! Takktakk:)
mamma Flott innlegg ! høyres ut som de har det heilt topp !! KLEM
Kirsti Løviknes Gjerde Bestemor og bestefar i Grønerenden syns du er velidg flink til å skrive, Karina! Bør bli journalist:) Det syns eg og, artig å lese om turen dykkar.
Solveig6 Du er verkeleg flink til å skildre turen og opplevingane.Får nesten følelsen avå vere der. Kos deko . Klem tante Solveig
Tone Bakke Må inn å kikke jeg og Maria,for en fantastisk tur dere har! Jeg er ikke misunnelig i det hele tatt! Sukk...........Kos dere videre.
liv intresant å lese korleis du har da på denne flott turen. Klem tante liv
Magni Nordal Strømmen Kjekt å lese om turen dykkar. Blei tipsa av tante Solveig når eg spurde kvar de var i verda no. Du skriv godt og humoristisk om turen og eg synest de er modige og uredde som legg ut på ein slik tur. Blir nok mange gode minner å sjå tilbake på.