Profile
Blog
Photos
Videos
OK, ready, set, go!
Den 11 timar lange flyturen til Beijing (mellomlanding i Koebenhavn) gjekk naakelunde smertefritt for seg, viss en ser vekk i fraa dei smaa setene, dei bryske flyvertinne, den lille TVen og den ubestemmelige maten. Men kven bryr seg om det saa lenge vi kom fram! Klokka 8 (norsk tid), dvs. klokka 13 (lokal tid), landa vi paa Beijing flyplass, der vi vart henta av folk fraa EF.
Etter ca. ein times koeyretur, kom vi fram til der vi skulle bu. Det viste seg at studentheimen egentlig er eit hotell. Foersteinntrykket var bra, ogsaa fekk vi sjaa rommet. Der fins ikkje ord, berre bilder (sjaa album). Det oeydelagte golvet vart plutselig lite viktig, daa vi oppdaga at badet ikkje var blitt vaska. The first clue:
Med tanke paa at vi faktisk har betalt godt for ditta drittrommet saa trampa vi ned i resepsjonen og spurte fint om dei kanskje kunne vaske litt, spesielt sidan vi var rimelig sikre paa at det ikkje var vi som hadde skitna til rommet. Det vra ingen problem, sa resepsjonisten, og like etterpaa kom der ein vaskemann. Vi viste dei mest openbare skitne delane av badet, foer han shush'a oss ut derfraa. Saers kort tid etterpaa kom han ut igjen, veldig klar for aa forlate oss. MEN neida! Vi hadde meir paa lager, i taket hang der spindelvev (dvs. vi haapte at det var spindelvev), men daa vi, ved hjelp av kroppsspraak, forklarte at vi ikkje er saa glad i spindelvev, berre herma han etter oss og gjekk, pysete mannen. Den tapre Maria, derimot, tok saken i egne hender. Daa vi skulle inspisere badet, oppdaga vi at han hadde vaska BERRE dei to mest openbare flekkane som vi hadde vist han. Saa oppdaga vi enda ein sigarett.
Etter at vi hadde vaaga oss inn paa badet for aa dusje, gjenstod det berre ein ting; sengene! Full av godt mot, slengte Karina seg ned paa senga. Vi hadde hoeyrt mykje om dei stenharde asiatiske sengene, men vi tenkte at det umulig kunne vere saa gale. Men det var det! Husk til seinare: ALDRI sleng deg ned paa ei seng i Asia.
Middag paa hotellrestauranten er inkludert i EF, men daa vi gjekk ned til restauranten fekk vi beskjed om at der ikkje var mat foer om ein time. Svolte og skuffa gjekk vi tilbake til rommet, men kort tid etter traff vi paa vaar einaste bekjent i Kina; Candice. Candice moette vi allerede paa flyplassen, ettersom ho kom samme dag som oss. Candice er 16 aar og fraa Frankrike. Romkameraten hennar, Andrea, spurte om vi heller ville vere med til ein anna restaurant like i naerheten. Der er naaken ting som ein EF student i Beijing blir kjent med foerste dagen; the Stix-place og Juicy (Juicy kjem vi tilbake til seinare). The Stix place er ein heilkinesisk restaurant, der ingen snakkar engelsk, og naar du spoer om vatn faar du ei tekanne med varmt vatn. Her fekk vi ogsaa eit nyttig raad fraa dei andre studentane: "eat first, ask later". Dette fekk vi fort bruk for, og vi kan herved bekrefte at duck guts (andeinnvollar) smaker godt, minna litt om nudlar.
Vel tilbake paa rommet, og slitne etter den lange reisa, slengte vi oss nok ein gong ned paa senga, men den hadde ikkje blitt naake mjukare sia sist (igjen; AU). Der og daa slo jetlag inn, big time. Vi var dautroette, men soevn vart det lite av. Kombinasjonen av knallharde senger og jetlag innbyda ikkje akkurat til soevn, og vi vart liggande stort sett heile natta og stirre i det skitne taket. Seinare fekk vi vite at alle andre sine rom var, og fortsatt er, like shabby som vaart, saa alt i alt har vi det bra. Hotellet er i det minste sentralt plassert!
Neste dag gjekk vi den knappe 15min turen til EF skulen. Heldigvis vart vi fulgte av litt meir erfarne EF'era, for det var her at vi fekk vaart foerste ordentlige moete med kinesisk trafikk. I trafikken i Kina er det eigentleg berre ein regel som gjelder: foerstemann til moella. Kven bryr seg vel om trafikklys, moetande bilar og fotgjengarar naar ein berre kan legge seg paa hornet og trakke gassen i baann. Men frykt ikkje; du laerer fort aa takle det. Trikset er aa gaa fort, ver oppmerksom og (om det er mogleg) bruk ein av dei lokale baade som guide og beskyttelse. Sist, men ikkje minst: pass opp for syklistane. Etter aa ha kjempa deg over den bilfylte veien, er det fort gjort at ein syklist meiar deg ned, rett foran fortauet.
EF-skulen har ein eigen etasje i eitt av veldig mange hoege, firkanta bygg. Foerste skuledag hadde vi ingen klassetimar; berre eit kort introduksjonskurs foer vi tok turen til Tian'anmen Square (den himmelske freds plass) for litt sightseeing.
EF Beijing har mange studentar fraa heile verda. Her er spesielt mange latinamerikanarar, som liker aa snakke hoeglytt spansk og le godt av interne vitsar. Men ogsaa Skandinavia er godt representert, og ein dag skal ogsaa vi bli like hoeglytte!
Etter eit knapt doegn i Beijing vart vi introduserte for byens uteliv. Heile mandagen prata dei andre EF-studentane om ein bar kalt Juicy. Tydeligvis er mandag den dagen i veka alle gaar ut, og Juicy is the place to be. Vi kan forstaa kvifor: for aa komme inn treng du eit medlemskort, og dette koster 50 yuan (tilsvarer ca 50 kr). Daa faar du fri adgang resten av livet, og gratis drikke kvar mandag og onsdag. Kan dette vere heilt sunt? Det vil vise seg!
Tirsdag var vaar foerste ordentlege skuledag, og vi hadde timar fraa 09.15 til ca 14.30. Ettersom vi berre var tre nye elevar den veka, og Candice allereie kunne litt kinesisk, vart vi plasserte i nybegynnarklassa som begynte undervisninga allereie i forrige veke. Laeraren hadde lite sympati for vaar ikkje-eksisterande kinesisk, og gav oss like gjerne diktat og hoegtlesing foerste timen. Vi vart ein smule stressa over denne roeffe starten, og vi visste rett og slett ikkje om vi skulle le eller grine (Maria var heilt i sjokk). Men allerede dagen etterpaa var det saa mykje bedre, og vi klara no aa henge saann nokenlunde med i timen.
Samme kveld var vi paa Annie's; ein italiensk restaurant med ypperlig service (og ikkje minst engelsksnakkande servitoera). Vi var der i anledning bursdagen til Ella, ei no 19 aar gamal jente fraa Tyskland. Etter heile to dagar i Kina var "vanlig" mat nydelig.
Paa onsdag fekk vi gladnyheten; vi skulle skifte rom! Som mange kanskje veit, foelger kinesarane ein anna kalendar ein oss og i aar byrjar det kinesiske nyttaaret, her kalla Spring Festival, den 23.januar. I den anledning saa har dei aller fleste kinesara fri, inkludert oss, og ikkje minst hotell-staben. Hotellet stenge av den eine bygninga, vaar bygning, og alle studentane maa flytte over i hovudbygninga, som tilfeldigvis har bedre rom. Synd Spring festival berre vara i to veker. (sjaa album)
Torsdag etter skulen gjekk vi paa silkemarkedet (ENDELIG!). Beijing er iskaldt, saa vi trengte virkelig litt varmare kle. Vi hadde litt problem med aa finne fram, dvs. innsjaa at vi var paa riktig plass. Silkemarkedet er nemlig ikkje det spor vanskelig aa finne, daa det begynne allerede inne i metro stasjonen. Silkemarkedet er eit herleg kaos, akkurat som forventa, men det er ogsaa overaskande organisert, med informasjonsskranke, store skilt og heis. Vi kjoepte kvar vaar jakke (etter intens pruting for Karina sin del) og kvar vaart par med UGGs (Karina: Hallelujah!). Maria kjoepte i tillegg ei veske og Karina eit par hanskar. Alt dette for under 800 yuan per.pers. Ikkje daarlig! :)
Sjoelv om vi storkosar oss, moeter mange flotte folk og laerar aa snakke kinesisk, maa vi innroemme at vi saknar Noreg og dokke der heime ogsaa (endaa, mens vi fortsatt hugsar dokke). <3
Peace out!
- comments
Vivi Så kult då! Drit i dei skitne rommå, e jo bare for ein liten stund i livet. Alt aent hørtes topp ut :) Fortsett å oppdater
Ingunn Åå, lengta meg til Kina til dokke! Håpe dokke har de veldi bra og eg gleda meg stort til neste innlegg! Kjeme til å savne dokke i kveld i bursdagen til Anne Lene!
Ingvild eg og vil på juicy! d hørtes jo berre fantastisk ut! :P men kunne klart meg uten andeinvollane da ;)
LaowaiHater viss du syns de e skjetent, burde du sjå kjellaren Karina ! dyr har flytta inn... livet der nede e en kamp. Kattane e redd for å gå ned. på onsdag måtte eg kjempe mot eit dyr.. de var umulig å sjå ka de var, en vill katt? en liten hund? svært pinnsvin? dødleg rottte? stygg mink?.. Kem veit, KEM VEIT ! LAOWAI
marie kristin Ååå! Saknar dykk, jenter! Kos dykk masse, også kryssar vi fingrane for at romma ikkje er like sketne etter to veker ;-) Klem <3
sunniva de e eg som e laowaihater also. Mamma skjønte ingenting