Profile
Blog
Photos
Videos
Happy New Year!
I dag er den foerste dagen i Dragens aar. Her i Kina kallast ditta for Spring Festival, og er den viktigate hoegtida for kinesarane. Feiringa varar i to veker, og dei aller fleste har fri dinna helga og idag. Som vi allerede har nemnt, har vi fri fraa skulen heile denne veka. Dette er THE familiehoegtid og alle reiser heim til familiane sine. Dette har vi sett tydelig dei siste to dagane, daa det faktisk var sitteplassa paa subwayen! Dei siste to dagane har ogsaa vert vaar foerste helg her i Beijing, og vi har fridagane har gaatt med til mykje soving og sigthseeing. I gaar skulle vi egentlig til det kjende Lama Temple, saman med Mint fraa Thailand og Lea fraa Sveits, men som mykje anna var der stengt. Vi gjekk derfor inn paa det foerste opne vi fant; Konfutsetempelet. Konfutse er den mest kjende kinesiske filosofen. Det var ein vakker dag med sol og blaa himmel, men skikkelig kaldt. Saa etterpaa gjekk vi inn paa ein tradisjonel kinesisk tesalong, der vi fekk baade god te, toerka frukt, og ein demonstrasjon av kinesisk tesermoni. Etterpaa vandra vi gatelangs for aa sjaa paa dei vakre lysa, og skvatt annankvart minutt av fyrverkeri og liknande som dukka opp overalt. Paa kvelden aat vi paa ein Hot Pot restaurant. Hot Pot er ein mongoslsk maate aa ete pa; ein velge seg ulike kjoett, fisk og groensaker som ein dypper i ei kokande gryte. Dette var veldig goey, baade for oss og dei rundt oss; eit kinesisk par satt faktisk og filma oss mens vi aat.
Paa kvelden gjekk vi ut for aa sjaa paa fyrverkeriet. Det er ei kjend sak at det var Kina som oppfant fyrverkeriet, og det kunne vi sjaa i gaar kveld!
No har vi skikkelig daarlig tid; vi skal nemlig til ein by heilt nord i Kina som heiter Haerbin. Her skal vi vere til torsdag; see you then!
(sjaa bilder i album)
- comments
Stina Marie Så spennende :D Er det mange som vil ta bilder med dere også?? :P Håper dere koser dere ;D
Vilde Haha, så bra dåkke gjer inntrykk på lokalbefolkninga! Kos dåkke! :D