Profile
Blog
Photos
Videos
No har det gått godt over ei veke sia vårt siste blogginnlegg. Men viss dokke syns det er fælt å ikkje høyre frå oss, så kan dokke forstå kor fælt det er for oss å ikkje høyre nåke i det heile tatt. Vi har nettopp hatt ei veke skulefri, i anledning det kinesiske nyttår, dvs vi har hatt ei heil veke uten tilgang til dei dårlige skulemaskinene; ei heil veke uten tilgang til internett i det heile! Dei første blogginnlegga skreiv vi på dataen til Candice, men ho har dessverre reist heim til Frankrike. Akkurat no skriv vi på dataen til vår svenske kamerat; Karl Johan (haha), altså ein svensk data utstyrt med herlege ÆØÅ !
Som sagt, det har gått over ei veke, og mykje har skjedd. Mandag kveld reiste vi til Haerbin. Harbin er ein by i nordøst-Kina med ca. 5 millionar innbyggarar. Det er også ein veldig kald by; etter 10 herlege timar på nattoget med kinesiske sitteplassar fekk vi kjenne på dei 30 minusgradene dei hadde lova oss på forhånd. Kinesiske sitteplassar er like komfortable som sengene, og det er ikkje mogleg å legge bak setene, men -30 var så mykje verre! Vel ute av jernbanestasjonen møtte vi turens første høgdepunkt, nemlig Magda si kinesiske kusine; Meimei! (internt Backkpacker/Ekstremsport 2010/2011)
Turen til Haerbin var arrangert av EF og varte i to daga, ei natt på hotell. Den første dagen reiste vi direkte frå jernbanestasjonen til Kina sitt største skitrekk, Yabuli. Bussturen frå Haerbin til Yabuli varte i 3 timar, kvar veg! I Yabuli fekk vi stå på ski/snowboard heile to timar. Ski/snowboard utleige var inkludert, men vi måtte leige varme klede sjølv. Maria ønskte ikkje å gjere skam på sitt ski-elskande land og valgte å heller dra på hest-og-slede tur saman med Franziska. Sledeturen varte i 40 min og hadde tre innlagte stopp; eit familiehus, ei trehytte og ei slags grotte. Turen var veldig interessant, men (surprise, surprise!) iskald. Karina, derimot, heiv på seg snowboardet og var veldig klar for bakken. Først virka 2 timar svært lite, men i Yabuli var der -35, og Kinas største skitrekk var så dårlig at vi ikkje vil anbefale folk å reise til Kina for å stå på ski!
Maten på denne turen fortener eit lite kapittel for seg sjølv. For det første åt vi på ein og samme restaurant til nesten kvart måltid, og førsteinntrykket av restauranten var ikkje eit av dei beste. Første stopp i Haerbin etter togturen var frukost, og vi kom til restauranten samtidig som ein heil del andre bussar. Kinesarar er generelt svært dårlige til å stå i kø; her gjelde det å albue seg fram om det så gjaldt livet, og på frukostbuffeen så gjekk det unna. Då vi endelig kom fram til buffeen var der ikkje meir reint bestikk eller fat, og mesteparten av maten var spist opp. Til lunsj åt vi i Yabuli, men vi vart ikkje så begeistra då vi såg at det inkluderte kyllingføter. Middag den kvelden var der vi åt frukost. Her i Kina er det vanlig at heile bordet får mange ulike rettar som alle kan forsyne seg frå.
Hotellet var ikkje så altfor gale då dei hadde deilige mjuke senger (for Kina å vere). Dag nr.2, på onsdagen, var vi friske og opplagte, tilbake i bussen Meimei, klare for sigthseeing. -30 er ikkje akkurat optimalt sigthseeingvær, men alt i alt var det ein fin dag. Vi besøkte hovudgata i Haerbin, den ortodokse kyrkja St.Sofia, det russiske markedet, tigersafari, Sun Island Park (snøskulpturpark) og til slutt The Haerbin Ice and Snow Festival. (sjå album!)
Onsdag kveld var vi tilbake på toget, klare for enda ei natt med kinesiske sitteplassar. Vi var tilbake i Beijing akkurat i tide for frukost! Etter maten i Haerbin var frukosten på hotellet vår (heim kjære heim) kjempegod. Etter frukost gjekk vi å la oss, klare for å sove heile dagen. Men den gang då: på skulen før ferien fekk vi utdelt ein plan over ting vi "måtte" gjere i løpet av Spring Festival. På torsdag var de, "the most expensive temple fair", og på torsdag kunne vi møte over ein millon menneske, og det måtte vi jo berre sjå. Eit Temple Fair er eit slags enormt marked (eidamessa x 10000). "The most expensive temple fair" var så gøy at vi gjekk dit igjen på lørdag, og då var det litt mindre folk, så vi fann faktisk sjølve tempelet (som vi alltid mistenkte var ein stad i midten). I tempelet betalte vi 15 yuan for å be, både for oss sjølv og for alle dokke heime! Etterpå åt vi ein god middag på ein skitten restaurant før vi vandra litt rundt i Hutongane, som er gameldagse gater i Beijing. (sjaa album!)
På mandag var vi tilbake på skulen, klare og nerdete (og litt trøtte).
- comments
Marianne Oioioi, dokke blogga jo! Konge! Nyt kulden so lenge dokke kan, seie eg :) Klem!
tante Solveig kiekt å sitte å sjå frå plassar eg og har vore. kos deko stor klem frå tante Solveig