Profile
Blog
Photos
Videos
Fredag etter skulen satte vi oss paa toget til Shanghai saman med Franziska. Toget her var betraktelig bedre enn det til Haerbin, og sjoelve turen tok 5 timar. I Shanghai regna det, og vi hadde aldri trudd at vi skulle bli saa glade for aa sjaa regn! Etter fire veker i knusktoerre Beijing var det deilig aa puste inn fuktig luft igjen. Og ikkje nok med det; i Shanghai var der baade groenne tre og kvitrande fuglar! Woooaaw!
Hostellet vi budde paa var ogsaa ein positiv overraskelse, daa det viste seg aa vere myykje bedre enn hotellet vaart i Beijing. Dei ansatte snakka engelsk til oss, i tillegg til at dei var hyggelige. Naar vi spurte etter vatn fekk vi det faktisk, romma var reine og alt var berre velstand. Fredag gjekk vi tidleg til sengs, klare for aa staa tidleg opp og ta Shanghai med storm!
Laurdags morgon tok vi subway'en til People's Square i senter av byen. Andre EF-studentar hadde tipsa oss om kva som var verdt aa gjere i Shanghai, blant anna anbefalte dei Big Bus Tours hop on - hop off. Vi hadde ikkje gaatt meir enn 10 meter fra subway-exiten foer ein turguide fra nettopp Big Bus Tours kom og spurte om vi ville vere med. VI VART SHANGHAI'ED IN SHANGHAI! Vi endte opp med aa kjoepe todagersbillettar, som inkluderte 3 ulike bussruter, samt gratis inngang til Jade Buddha Temple, Jin Mao Tower og eit River Cruise paa elva Huangpu. Vaart foerste stopp vart The Bund; ein 1 km lang hamnepromenade. Herfra saag vi rett over elva til Pudong; Shanghai sitt finanssentrum, med nokre av verdas hoegste og stoerste skyskraparar. Blant desse finner vi The Oriental Pearl, Jin Mao Tower og Shanghai World Financial Center (flaskeopnaren).
Vi gjekk fraa ein ende til den andre, og endte opp i det gamle kinesiske kvarteret. Shanghai har opp gjennom tidene vorte paavirka av mange ulike nasjonalitetar, og det kinesiske kvarteret var det omraadet av byen der dei fleste kinesarane budde. Den mest kjende delen av kvarteret i dag er ein kjempestor marknad i nye hus bygd i tradisjonell kinesisk stil for aa skape stemning (i Kina er alt fake). Men dersom du orkar aa gaa i dette kaoset, kan det hende at du snublar over den gamle parken Yuyuan. Denne parken vart bygd i 1559 som ein privat hage. I storleik er det ein liten park, men den er utforma slik at den verkar stoerre. Vi vandra rundt her i halvannen time i rein beundring, og Karina har no funne sin Shanghai-residens.
Big Bus Tours slutta aa koeyre klokka 5, saa vi fekk berre tid til den raude ruta. Seinare for vi til Nanjing; Shanghais stoerste shoppinggate. Det var no begynt aa bli moerkt, men gata var lyst opp av neonlys i ekte asiatisk stil.
Medan vi gjekk rundt og ana fred og ingen fare; PLUTSELIG stansa hjertene våre; var det tårer eller regn frå himmelen? Nei, det var faktisk høg musikk; "My heart will go on" fraa Titanic, og daa vi lyfta blikket saag vi ein saksofonist på ein gullbalkong. Der og då følte vi at livet vårt var veldig episk, og det var før random kinesara begynte aa danse rundt oss. Vi trudde ikkje det kunne bli bedre då verdens søtaste gamle kinesiske dame kom bort og bydde oss opp på dans. Vi takka pent nei, istaden fekk vi ta eit bilde av denne verdens søtaste gamle kinesiske dama.
Fraa Nanjing kunne vi sjaa Radisson Blu hotellet, som saag ut til aa ha ein roterande restaurant i toppen. Sidan vi er norske og Radisson er norsk, foelte vi straks at dette var staden for oss. Vi bestemte oss for aa proeve aa komme oss opp! Vi var ikkje akkurat festkledde, saa vi var litt usikre paa om dei faktisk kom til aa sleppe oss inn. Etter aa ha diskutert om det var lurare aa snike seg inn, bestemte vi oss for aa ta sjansen og faktisk spoerre. Men resepsjonisten saag nok at vi var norske, saa han slapp oss inn utan problem! Vi tok den reine og veldig glitrande heisen (norsk standard, ja!) opp til 45. etasje, der vi vart vist til eit koseleg bord med DEN panoramautsikta over byen. Planen var aa ta ein rask drink og nyte utsikta, men vi endte opp med aa sitte der i over tre timar. Vi aat til og med den dyre (for kinesisk standard) og gode middagen der. Som sagt; utsikta var fantastisk, og det var den perfekte avsluttinga paa ein fin dag.
Sidan vi ikkje fekk gjort saa mykje paa laurdagen, hadde vi store planar om aa gjere alt paa soendagen. Vi sto derfor tidleg opp for aa komme oss raskt av garde, men ved frukosten vart vi oppholdt av eit australsk par som var paa backpacking i Kina. Vi fekk verkeleg backpackerfeelingen daa dei fortalte oss om turen sin, og samtidig ga tips og raad til oss begynnande backpackarar. Om vaar tur blir like spennande som deira, blir vi godt noegde!
Litt bak skjema tok vi taxi til foerste stopp; Jade Buddha Temple. Jade Buddha Tempel er det mest kjende tempelet i Shanghai, og er spesielt berømt for sine to buddha statuar i ekte jade. Etter tempelbesoeket tok vi den groenne bussruta, foer vi hoppa paa den blaa som tok oss til finanssenteret. Vi bestemte oss for aa vente med aa gaa opp i taarnet til etter at det var moerkt, saa etter ein mindre god lunsj/middag, reiste vi paa River Cruise. Som dei skeptikarane vi er hadde vi ikkje store forhaapningar daa vi gjekk ned til hamna, men daa vi fekk sjaa baaten vart vi glade igjen! Men saa fekk vi proeve ut servicen om bord, dvs daa vi proevde aa bestille, rista kelnaren berre paa haudet og gjekk. Det var nett som aa vere tilbake paa hotellet i Beijing! Utsikta ut vindauget var heller ikkje mykje aa skryte av:
Etter baatturen tusla vi nedover The Bund for aa ta The Bund Sightseeing Tunnel over til Pudong. Plutseleg fann vi oss sjoelve i outer space:
Og saa var det over.
I Pudong regna det, men vi vestlendingar sa likevel nei takk til samtlige kinesarar som desperat proevde aa selge oss paraplyar. Klokka var no godt over 9, og vel vitande om at kinesarar legger seg klokka 10, skyndte vi oss forbi alle neonlysa paa vei mot Jin Mao Tower. Men vi var for seine. "Women bu hen gaoxing" (vi ikkje glade) utbraut vi til den hyggelige sikkkerhetsvakta som dessverre maatte be oss komme tilbake dagen etter. Vi gjekk difor strake vegen heim og la oss, for aa vere sikre paa at vi skulle rekke alt paa mandagen!
Mandag skulle vi ta toget tilbake til Beijing klokka 3, men vi var fast bestemte paa aa rekke litt meir sightseeing foer den tid. Dette viste seg ogsaa aa vere den dagen med mest skodde, noko vi kunne sjaa tydeleg fraa 88.etasje i Jin Mao Tower. Nok ein gong; women bu hen gaoxing! Vi tok oss derfor tid til aa sende eit par postkort fraa ein av Kinas hoegaste skyskraparar. Etterpaa bestemte vi oss for aa berre gaa opp til den lavaste "perla" i The Oriental Pearl Tower. Billetten var dyr, men det gjorde ingenting daa vi kom hoegare opp enn vi betalte for! Glasgolv 259 meter over bakken gjorde oss saa fascinerte av utsikta ned at vi gloeymde tida. Ah, stress! Etter ein nervepirrande og treig taxitur tilbake til hostellet hadde vi ein knapp halvtime til toget skulle gaa. Karina og Franziska spurta inn paa hostellet og skreik etter bagasjen, medan Maria fekk fatt i ein ny taxi. Klokka var 14.40 daa vi satt oss i den nye taxien. Kroppsspraak er noksaa internasjonalt, saa taxisjaafoeren la seg paa gasspedalen! 14.57 var vi framme ved togstasjonen, og no gjaldt det aa spurte gjennom sikkerhetskontrollen, springe sikksakk forbi treige kinesarar paa jakt etter riktig gate. 14.59 ropte dei opp toget vaart paa callingen, akkurat i det vi fekk auge paa riktig gate. VI KLARTE DET! 5 timar seinare var vi tilbake i Beijing klare for Juciy; Monday is Juicynight!
Tirsdag; faen ta Juicy!
- comments
Vilde Haha :D For noken daga dåkke har hatt ;) Kult! Men dåkke burde vel snart lære det der med Juicy.. Kos dåkke :D
Kirsti De er kjempeflinke til å skrive, syns tante Jonna Merete og tante Kirsti! Vi er i Oman og det er ingen grunn til ikkje å glede seg til luksusen her!