Profile
Blog
Photos
Videos
AWSOME!
Veit ikkje heilt korleis eg ellers skal beskriva det. Me har snorkla ved Great Barrier Reef! Kor stilig er ikkje det?
Me hadde 3 dagar sail 'n stay paa the Whitsundays inkludert i reisa vaar nordover med Greyhound, saa torsdag gjekk me ombord i ei ferge som tok oss over til Long Island der me hadde 2 netter med overnatting.
Daa me kom fram viste ikkje oya seg fraa si beste side, daa det rega noko vanvittig, men etter at Britt Sissel og eg hadde gaatt dei 800 m som det var bort til resorten me skulle bu paa hadde det nesten gitt seg. Me fekk laera seinare at dette visstnok kvalifiserte til ein storm i enkelte sine auger. Men litt regn taaler me no vel.
Etter at regnsbyga hadde gitt seg satt me oss ut og fekk i oss litt lunsj for me la oss ned paa stranda og sola oss litt. Etter ei stund fekk me sjekka inn, og me fekk nok ein gong vera aleina paa vaart 4-manns rom. Veldig greit egentlig. Etter innsjekk gjekk me oss ein tur tvers over oya (hoyres langt ut, men var berre omlag 1,5-2 km aa gaa). Her fann me eit par andre strender, blant anna Palm Beach som var veldig fine. Daa det var ganske saa varmt maatte me avkjola oss litt, saa me duppa oss litt i havet. Deilig. Etter dette var det middag og karaoke tilbake paa resorten. Og me sang faktisk med, men berre pitte litt.
Neste dag trudde me at me skulle til Hammilton Island, som er det stedet "alle" kjendisane som besoker Australia reiser til, fekk me veta seinare. Men dette viste seg aa vera feil. Ifolge billettane vaares skulle me ut til Great Barrier Reef og snorkla. Endaa bedre tenkte me! Etter omlag 3 timar paa baat (ja, eg vart litt gronn i ansiktet etter ei stund) var me framme. For eit syn som motte oss. Me la til "kai" inntil ein innretning som visstnok er der permanent, med undervanns observatorie der ein kan sjaa paa fiskar, sklie og mykje meir. Og me saag The Great Barrier Reef strekke seg utover. Fantastisk!
Britt Sissel og eg fann oss vaatdrakter og snorkle-utstyr og kasta oss uti havet. Etter litt proving og feiling fekk me teknikken taalig bra til, og me svomte mot korallrevet. Og alt me fekk sjaa. Gule fiskar, blaa fiskar, store og smaa fiskar. Var utruleg stilig. Og noe eg er stolt over aa kunne sei at eg har gjort.
Laurdag skulle me ut paa "Camira" ein seglbaat som skulle ta oss me til Whitehaven Beach, ei av verdas 10 finaste strender. Og det gjorde den. Og for ei strand det var. & km med krittkvit, fin sand og turkis blaatt hav saa langt ein kunne sjaa. Utruleg! Me fekk desverre berre vore der rundt 1,5 time men det maa vera saann det er i himmelen. Det var iallfall heilt himmelsk.
Etter ein lang dag paa "Camira", med alt inkludert, inkludert gratis kvitvin (som me drakk nokre glas av), var me ganske ferdige, og solbrente, daa me kom tilbake til Airlie Beach, der me henta sekkane vaare og gjorde oss klar for ein 10 timars lang busstur nordover til Cairns.
Kl 06 i dagtidleg var me framme, og me fekk sjekka inn og sett oss om i byen. Fantastisk flott. I morgo skal me sjaa meir for me endaa ein gong skal snorkla ved Great Barrier Reef. Gler meg!
Me har det heilt topp, og det haapar eg at alle heima har det og.
- comments