Profile
Blog
Photos
Videos
Då kom me oss tilMelbourne kl 08 i dag tidleg etter 12 nye timar på Greyhound bussen, ein veldig god venn av oss no. Då me kom fram var det berre 10 grader her. Noko som var ein stor kontrast til dei nærmare 30 gradane me hadde lengre nord.
Melbourne var veldig anderledes enn resten av Australia, iallfall det me har sett til no. Var ein storby med utruleg mykje liv. Til og med på ein søndag. Me såg oss litt om i South Yarra, som er plassen der me har sjekka inn på eit gjestehus.
I kveld har me snakka litt med dei heima, noe som var utruleg koseleg etter 3 veker med begrensa kontakt. Saknar sjølvsagt alle heima, men tida har gått så fort at eg føler at eg ikkje har vore vekke ei veka ein gong. Men til alle heima, eg er utruleg gla i dekan og eg skulle ønska at de alle kunne vore her med oss <3
I morgo tidleg seier me hade til Australia, noko som er veldig vemodig, og HEI! til New Zealand, noko som vert veldig spennande og veldig kjekt. Gler meg veldig til det. Sjølv om eg skulle ønska at tida i Australia aldri tok slutt.
Det blir tidleg på an i morgo, så kvelden i kveld går nok berre med til pakking, vasking av kle og å ta igjen litt etterlengta søvn etter 3 netter på buss. Natta!
- comments