Profile
Blog
Photos
Videos
Eg e offisielt ikkje noe båtmenneske. No er det avklart ein gong for alle. Skulle ta båt ut til Great Barrier Reef i dag tidleg, men værgudane var ikkje heilt på vår side.
Sjølvsagt skulle det vera både regn og vind denne dagen, i motsetning til dei tre andre dagane me hadde i Cairns med så og sei skyfri himmel, vindstille og opp imot 30 grader.
Eg køyrte på med reisesjuketabletter vel vetande om at eg har ein tendens til å bli litt dårleg på båt. Men dei andre gongane på turen hadde jo dette gått greit.
Men ikkje i dag. Begynte å kjenne det nesten med ein gong me reiste ifrå havna. I det båten hoppa bortover bølgene kjente eg det godt i magen. Og ikkje på den gode måten.
Etter 1-2 timar med "tortur" var me framme med den fyrste plassen me skulle snorkla skulle eg bøya meg ned for å ta på finnane. Det var ingen god idé. Eg måtte berre gje meg før frukosten kom opp.
Resten av dagen blei tilbragt inne i kabinen (elle ka da heiter) relativt grønn i ansiktet, og me veldig mykje sympati for meg sjølv.
Britt Sissel var pjusk allerede før me reiste så ho holdt meg med selskap, og me syntes synd på kvarandre.
Etter at me var komt i land gynga heile verden resten av dagen. Og det passa jo bra når ein 3000km lang busstur venta oss. JIPPI!
- comments