Profile
Blog
Photos
Videos
BULA! Sega no lega!
Då var me komne til Fiji og har hatt 9 flotte dagar her. Verkeleg ein plass som skal besøkast igjen.Me landa på flyplassen i Nadi og hadde to netter her før turen gjekk vidare til Bounty Island, Beachcomber og til slutt Mana Island.
På Bounty Island vart me møtt av Matthew som sjekka oss inn og viste oss kor me skulle bu. Ei eige lite hytta kun for oss med ca 10-15 meter til stranda. Vår eigen vetle strandsone med hengekøye og solstolar. For ein luksus. Og så fint som det var. Med godt over 30 grader var det ikkje lenge me klarte å ligga på stranda før havet frista mest. Lunka vatn og strålande sol, det vert ikkje mykje betre enn dette.
På Bounty Island hadde me to late dagar med soling og mykje bading. Pluss underholdning til middagen. Alle ansatte møtte opp og framførte songar frå Fiji, vakkert.
Etter to dagar på Bounty gjekk turen til Beachcomber Island. Me var blitt fortalt at på Beachcomber var kvar dag fredag. Og dette viste seg å stemme. Etter lange dagar på stranda med endå meir bading, trur aldri eg har bada så mykje før, gjekk turen i dusjen og så baren. Merkeleg kor godt Margaritas, Strawberry Daquri og Long Island Ice Tea er i varmen. Første kvelden lærte me oss ein "Bula-dans", og me må vel berre innrømme at rytmesansen kunne vore noko betre. Men artig var det.
Neste kveld var det "crab race", og me kjøpte oss krabben "Viking" frå Norge. Me vann desverre ikkje, men reknar med at "Viking" gav alt han hadde.Me hadde to netter på Beachcomber, og eg trur det var greit at det ikkje var fleire. Me var ganske slitne då me vart henta i ei lite "jolla" som skulle ta oss frå Beachcomber til Mana. Men frisk luft på havet, vel å merka uten særleg med bølger, viste seg å vera ein fin fin kur for to litt slitne jenter.
På Mana vart me godt tatt imot, og rett etter innsjekk var det rett i havet for vår del. Deilig å blautlegga seg litt. Etter middag snakka me med Nathan, som jobbar på resorten, og han tilbudde seg å visa oss vegen til ein annan resort her på øya der dei skulle ha eit flammeshow på kvelden.Følte meg ikkje veldig høg i hatten der me gjekk i mørket, men me kom oss heilskinna fram. Desverre var showet ferdig då me kom fram, så me vart sittande og snakka med Nathan. Han tilbudde seg å visa oss soloppgangen neste morgon, pluss favorittstranda hans. Me takka ja, og avtalte å møta han 05.45 neste morgon.
Angra litt på avtalen då klokka ringte 05.30, men me hadde jo veldig lyst til å sjå soloppgangen så me stod opp. Kl 06.00 møtte me Nathan, "Fiji time" betyr visst at dei alltid er litt seinare enn dei seier, og me fulgte etter han og hunden Bruno.Me hadde sett for oss litt tusling på stranda, men det var ikkje tilfelle. Etter ca 30 min med gåing opp på eit "fjell" hadde me utsikt over soloppgangen. Men desverre var det mykje skyer og me fekk ikkje sett den så godt som me hadde håpt på. Men vakkert var det.
Etter at sola var komt opp ville Nathan vise oss ei strand og la oss smake kokosnøtt. Me fulgte etter han, men var ikkje heilt høge i hatten når han sa at nett skulle hente kniven sin. Men ingen fare, Bruno fulgte oss til stranda og Nathan kom etter. Han viste oss vegen til ei palme og plutselig klatra han oppover med ein imponerande teknikk.Han kasta ned, og etterpå laga han hol i dei og lot oss få smaka kokosnøttjuice. Smakte ikkje som forventa, men det var godt. Han lot oss og snakka på kjøttet, heller ikkje dette så dumt. Så gjekk turen tilbake til resorten, og sidan klokka ikkje var meir enn 08 rakk me frukosten.
Etter frukost ville me egentlig ut og sola oss og bada men været var ikkje heilt på vår sida. Så då vart det ein del kortspeling fram til lunsj. Og etter lunsj lagde me smykke av kokosnøtt saman med Nathan. Var tungt men artig.Britt Sissel og eg lagde oss smykke, mens Nathan lagde ein ring te kvar av oss. Fascinerande at han fekk det til og fine var dei. Resten av dagen gjekk med til kortspel, lesing og sløving.
Då me vakna neste dag håpa me på sol, men regnet kom fortsatt høljande ned og me såg for oss endå ein lang dag. Og tenkte at me kanskje skulle prøva veving etter lunsj. Men, etter lunsj kom sola fram! Så då vart det soling og bading i staden. Deilig! Etter middag fekk me eit par avskjedssongar sidan det var vår siste kveld, og det var på nytt krabbeløp. Heller ikkje denne gongen vann me, tapte til ein brite og ein tyskar. Surt nederlag.
Men me feirte seiaren til briten med ein mojito, og satt og preika litt utover kvelden. Vart invitert på Kava, nasjonal drikken til Fiji, hjå ein av dei lokale. Men me takka fint nei. Glad for det i dag då briten fortalde oss at det var alt anna enn godt.No er det berre ein god time til me reiser frå Mana til Nadi, og til L.A i kveld. Blir trist, men og veldig spennande.
Håpar berre me kjem oss inn i USA no. Fingers crossed!
- comments