Profile
Blog
Photos
Videos
Puh! Då var me endeleg komt til Auckland etter 9,5 timar på buss. Med kun eit par korte stopp, og lunsjpause i National Park, der me såg vulkanen som vart brukt i produksjonen av "Ringenes Herre" (wohooo, for nokon av oss) var det godt å vera framme. Auckland, the Sail City eller the City of Thousand Lovers, er den største byen i New Zealand med omlag 1,5 millioner innbyggarar. Etter at me hadde fått sjekka inn gjekk me ut og åt middag og tok ein drink med Debbie som reiste til Sydney på torsdag. På torsdag sjekka me ut av hostelet me budde på og fann eit nytt, rimelegare som me bestilte rom på. Dette skulle berre vera ca 1,7km vekke frå der me sjekka ut så me bestemte oss for å gå. Bra gjort å bestilla rom på det hostelet som ligg i den eine gato i Auckland som ikkje er merka med gatenavn. Etter evig mykje trasking fram og tebake, og hjelp frå hyggelige lokale fann me endeleg fram og fekk sjekka inn. Hostelet opna i august i år, så her er alt endå veldig reint og fint. Gratis trådlaust nett er det og, kan det bli betre? Etter å ha funne fram gjekk mykje av dagen med til klesvask, endeleg. På fredag tok me ferja over til Rangitoto Island, som er ei øy utanfor Auckland. Den er opprinneleg ein vulkan som har hatt ein haug med utbrudd og blitt ei øy. Planen var å gå heilt til topps på vulkanen, men me hadde ikkje så god tid til siste ferja gjekk tilbake så det vart ikkje lange turen. Men det var ganske artig å gå rundt på ein vulkan. Ein ny opplevelse. Seinare på kvelden fann me ut at me sko ta oss ein tur på kino, i mangel på noko betre å ta seg til. Me fann ein film som hadde ein plakat som såg artig ut. Tittelen høyrdes og grei ut, "Student of the Year". Me kjøpte billettar og satt oss godt til rette i salen. Plutselig blir me oppmerksame på at det berre er indera utanom oss i salen. Så byrjar reklamen, og det er trailerar for fleire indiske filmar, og me byrjar å innsjå at filmen me no skal sjå er ein Bollywood-produksjon. Indisk og engelsk om kvarandre, heldigvis med tekst, relativt dumt plott og dansing og synging plutselig heilt utav det blå. Trur Britt Sissel og eg lo på feil plass mange gonger. Men alt skal prøvast, og dette kan no kryssast av på lista. På laurdag sløva me lenge før me orka å stå opp, etter ein lang og god frukost stakk me ned til havna og kjøpte billettar til "Hop on- Hop off" bussen som køyrer rundt i Auckland. På tide å vera skikkelige turistar. Etter litt sightseeing vart det is i Albert Park, der me plutseleg traff William frå bussen. Det var veldig koseleg. Han skal og til USA, så me avtalte å møtast der. Godt med litt kjente ansikt. Søndag hadde me søndagstur til Mount Eden, som er det høgaste punktet i Auckland, og ragar heile 196 meter. Dette er og ein vulkan med eit krater som er ca 50m djupt. Var stilig. Og utsikten var fantastisk. 360 graders utsikt over Auckland. Betre enn frå Skytower har eg og høyrd. Flott var det i alle fall. Mandag var siste dag i Auckland, og New Zealand. Litt trist og tenka på at me er ferdige her. Men veldig deilig å tenka på at Fiji, Los Angeles, Las Vegas, New York og Cuba vente. Det blir så bra! Er straks halvvegs, og det er veldig rart å tenke på at me allereie har vore vekke i over 6 veker. Snakka med mamma via Skype i dag, og prøvde å snakka med Hanna, og det var utruleg godt å høyra stemmene dekans. Har ikkje merka noko til heimlengselen, men det er nok fordi det heile tida er nye stader å sjå, nye folk å møta, masse inntrykk å bearbeida og utruleg mykje som skjer heile tida. Men eg må innrømma at å høyra stemmene dekans fekk meg til å gleda meg til den 16. desember når eg får sjå alle att <3 Men fyrst står Fiji og Nadi for tur i morgo, og det skal bli kjempe godt. Skjønar at snøen er byrja å komma heima. Då er det kanskje litt dårleg gjort å nevna at det på Nadi er meldt 29 grader i morgo. Men eg gjer det likevel. 29 grader! SWEET AS! No får me ta kvelden her så me er opplagt til soling, bading og snorkling i morgo. Natta! Ikkje gløym at eg e gla i dekan!
- comments
kirsti Ja, da høyres skikkeleg sweet ut as. Kos dikkan me solkrem og sand(gjedna i kombinasjon..og i håret), og viss de e skikkeleg heldige, litt solbrent. Og kem veit..kanskje litt luftfuktigheit, type cairns..men no worries.. de slepp i alle fall dei friske ti kuldegradene, strålande sol, knallblå himmel, snø so knirka onde skoen, og 20 cm me perfekt tørr laussnjo å leika i.. uansett so gleda eg meg te du kjem att og kan fortelja meira:) helsing ei ikkje spesielt sjalu kristi..
Hanna Glad i deg og! Kos dekan mykje!!