Profile
Blog
Photos
Videos
AIDå var det endå ein ny etappe på turen. Pga dårleg vær køyrde me direkte frå Franz Josef til Wanaka. Her kikka me oss litt om i "byen", men det var relativt fort gjort. Pitte liten plass, men veldig fin. Fekk litt følelsen av å vera i alpene.
Då det ikkje var så mykje å ta seg til i Wanaka bestemte me oss for å gå på kino, Cinema Paradiso. Det er uten tvil den koselegaste kiosalen eg nokonsinne har vore i. Med gamle bilar og sofaer som ein kunne sitta i. Midt i filmen var det "intermission"ein pause der ein kunne gå på do, eller kjøpa kakao og nysteikte cookies. So utruleg herleg.
Filmen me valgte å sjå heiter "Two little boys" og handla om ein Kiwi (person frå New Zealand) som køyrde på og drap ein norsk backpacker. Ka e oddsen? Etter mykje latter i det som må vera verdens koselegaste kinosal gjekk turen so og dei direkte i seng.
Neste dag gjekk turen so og sei direkte frå
Wanaka til Queenstown.
Her hadde me nett ein litestopp då Jessica og Karen sko ha kvart sitt bungy jump. Va artig å sjå på, men ein ting e sikkert, eg hoppe ikkje.
Utpå kvelden møttes so og sei alle frå bussen for å feira Stella. Ho vart feira med pizza og ein del alkohol. I løpet av kvelden havna med alle på Altitude Bar der dei hadde ein "Horizontal Bungy Jump". Ashley og Taylor frå bussen vann detta og stakk av med eit Bungy Jump og ein Bungy Swing. SWEET AS!
Fredag sov me frampå før me tok gondolbanen opp til eit utkikkspunkt over Queenstown. For ein utsikt. Vakkert!
Etter dette var det middag før me bestemte oss for å gå ut denne kvelden og. Vart nok alkohol desse to dagane. Noko me fekk kjenne på laurdagen.
- comments