Profile
Blog
Photos
Videos
IeESDet var mildt sagt hardt å stå opp og reisa med bussen frå Queenstown til Mount Cook, etter to dagar med eit relativt greit alkoholinntak. I tillegg måtte me og reisa med ein ny buss og nye folk. Var liksom ikkje heilt i det pratsomme hjørnet. Då me kom fram til Mount Cook byrja det å regne og skodda låg langt nedover, så utsikten var ikkje mykje å skryta av. Desverre, for det skal visstnok vera veldig fint.
Pga været blei så og sei alle frå bussen inne og såg film. Egentlig ganske koseleg. Då kl endeleg nærma seg 22 fann me ut at det var lov å legga seg. Me sko dela rom med Debbie og "Tina" (Albertine), ei dama på 61 år som var med på bussen. Koseleg dame, men kanskje ikkje den ultimate roommate.
Etter det dårlege været på Mount Cook såg fleire fram til rafting i Rangitata. Og her var det endeleg solskinn og varmt, men pga for mykje regn tidlegare var elva for stor, så også raftingen blei avlyst.
Så då vart det sykkeltur, film, kortspel og monopol som underholdning den dagen og kvelden.
Neste dag vakna me til snø utanfor hytta me budde i. Ikkje akkurat det me håpa på, men kxva kan ein gjera. Me køyrde vidare til Kaikoura i håp om at me kunne få gjennomført nokraktivitetar der. Men gjett kva. Pga været var alle desse og avlyst.
"Seagull", vår nye sjåfør, hadde litt ilt av oss som ikkje fekk gjera noko av det me ville, så han snakka med Captain Nick og sjefen hans, som har fisketur som ein av aktivitetane. Og dei lagar og ein veldig god kvitvin. Dei vart einige om at dei skulle ordna vinsmaking for heile gruppa. 10dollar (ca 50kr) for "drikk så mykje du klara" var midt i blinken for oss.
Me byrja kl 15 og rundt kl 21-22 var Britt Sissel, Debbie, Seagull, Captain Nick og eg havna på ein pub der me drakk meir, åt biff og spelte biljard. Etter dette var det nachspiel på rommet der Adam og Darren og vart med. Dårleg raudvin blei drukke og me lærte ein ny drikkeleik. Kvelden endte med at Britt Sissel og eg klarte å låsa oss ute frå hostelet.
Men alt endte bra. Me kom oss inn, og på bussen til Wellington neste dag. Me var ikkje dei mest pratsomme, og ferjeturen var litt hard, men ellers var formen fin.
Me var ganske seine inn til Wellington så kvelden blei mest brukt til avslapping og litt kikking rundt om i byen. Rart å plutselig vera i ein storby etter å ha vore på alle desse plasane.
Neste etappe blir hard, 9 5 timar
på buss. WOHOOO!
- comments