Profile
Blog
Photos
Videos
SWEET AS!
Då har me komt oss te Franz Josef etter nokre innhaldsrike dagar. Me bytta Stray-buss i Picton, og denne er heilt topp. Mange kjekke folk ombord.
Fyrst var me i Marahau den 12 og 13. På vegen frå Picton til Marahau var me innom ein vingård i Blenheim og hadde vinsmaking. For 2 dollar (ca 10 kr) fekk ein vanlegvis smaka på 4 ulike vinar, men sidan ho som serverte oss hadde bursdag fekk me smaka på 6 ulike vinar til samme prisen. Heilt supert.
Etter dette gjekk turen til Marahau. På vegen dit fekk me spørsmål om det var nokon som kunne tenka seg å hoppe i fallskjerm. Utan mykje betenkningstid strakk Britt Sissel hånda i været. Jaggu hoppa ho og! Frå 16.000 fot. Sjukt. Men ho var tydeleg nøgd etterpå.
Etter at me hadde sjekka inn på "The Barn" laga Rob, sjåføren vår, Peas n' Gravy te alle. Det var ikkje så verst. Utpå kvelden samla dei fleste av oss seg rundt ein peis på ein "veranda" som dei hadde laga te. Her satt me og drakk og preika, og hadde det veldig koseleg til regnet kom.
Neste dag vakna me til eit voldsomt regnvær så me sov litt frampå og slappa av i "hytta" vår. Då regnet letta bestemte Britt Sissel og eg oss for å gå ein tur i Abel Tasman National Park. Ein av fleire nasjonalparkar her i New Zealand.
Etter ca 1,5 time og 5,5 km var me komne til Apple Creek Bay, og her kom og regnet so me bestemte oss for å snu. For ein flott tur, og for ein natur. Heilt utruleg. Resten av kvelden gjekk med til sløving, pakking og eit desperat forsøk på å tørka våte kle.
Neste dag gjekk turen til Punakaiki. På vegen satt Rob oss av ved ei strand og han ba oss gå ein tur langs Cape Foulwind walktrack. Turen tok ca ein time, og der fekk me virkelig sett kva New Zealand har å by på. Stupbratte klipper, og eit hav som herja. Heilt fantastisk!
Etter at me var komne fram til Punakaiki køyrte Rob oss for å gå ein ny tur, på kun 20 min, for å sjå på Pancakerocks og Blowholes. Det var ganske stilig, Pancakerocks var klippe som såg ut som stablar med pannekaker. Og Blowhol var åpningar der vatnet kom sprutande når det var "high-tide". Men det var det desverre ikkje då me var der.
Overnattingen vår i Punakaiki var 3 hytter som gruppa vart delt inn i. Me kom uten tvil i den beste hytta og koste oss me raudvin, sjokolade, kortspel og preiking. Heilt topp.
Den 15 var det tidleg på an for me var 8 stk som hadde meldt oss på "bonecarving" der me sko laga våre eigne smykke av bein. Ganske artig, og ikkje så vanskelig som eg trudde. Resultatet blei ikkje so altfø gale heller. Eg valgte motivet "The Fish Hook", eller "Hei Matau" som det og heiter. Den representerer styrke, lykke og trygg ferdsel over vatn. So faar me sjaa om da funka daa.
Etter dette kom resten av gruppa og henta oss, og me køyrde til Franz Josef.
Her sjekka me inn, dusja, åt middag, og tok oss ein tur i baren ved hostelet, Monsoon. Så og sei heile Stray-bussen var her. Utpå kvelden var det biljard-turnering, Monsoon Killer Pool, og Britt Sissel meldte seg på. Premien var eit strikkhopp. Utav 19 påmeldte rauk 6-7 stk ut før Britt Sissel. Noe som er veldig bra. Til slutt stod det mellom Jessica og Shane, begge frå Stray-bussen. Jessica vart den heldige vinnaren.
I dag ville egentlig Britt Sissel og eg gå på Franz Josef Glacier ein unik isbre som ligg lågare enn 300m over havet og midt i ein temperert regnskog. Stilig. Men for ca 8 mnd sidan kom det eit stort hol i den, så no må ein ta helikopter opp for å kunne gå på den. Så det vart desverre for dyrt for oss. Men me tok oss ein tur i regnskogen, og gjekk der i eit par timar. Var utruleg flott.
Resten av kvelden har blitt brukt til matlaging, dusjing, pakking og oppdatering av bla bloggen. I morgo går turen vidare sørover, og no tar me kvelden. Natta!
- comments
Marit Hei Jenter! Det ser ut som de har det heilt topp på tur og eg merker at det kribler i reisefoten av å lese bloggen!! =) Tusen takk for kort, det var veldig kjekt å få! Kos dekan masse vidare og fortsett å hold oss oppdatert her på bloggen, eg føl med me spenning! Stor klem frå Marit