Profile
Blog
Photos
Videos
Då har me kome te Airlie Beach etter 3 nydelege dagar på Fraser Island. Ikkje rart at det vert kalla Paradis. Visste ikkje heilt kva eg skulle forventa meg før me drog, men eg trur ikkje at eg kunne sett for meg det som venta oss. "Are you guys ready for a comfortable tour around Fraser Island?" spurde guiden vår, Martin, oss etter at me hadde satt oss inn i bussen som skulle nyttast til å visa oss øya. Ein burde vel kanskje ha skjønt ut frå smilet til Martin at komfortabelt blei det ikkje. Skjønte ikkje heilt ka me hadde begitt oss ut på før me såg vegen me skulle køyra. Sporene såg ut som orgeltrampa me laga på hytta under påske-rennet då me var yngre. Berre 50 gonger større og verre. Trur aldri eg har følt meg så som ei filledokke som etter ein dag i bussen til Martin. Ein hoppa ut av setene og vart slengt rundt om. Heldigvis virka setebeltene som dei skulle.
Dag ein tok Martin oss med til Lake McKenzie, ein heilt utruleg innsjø på Fraser Island, med krittkvit strand og nydeleg blått vatn. Var som å vera i himmelen, berre med litt for mykje folk. Etter avslapping ved Lake McKenzie skulle me no gå gjennom ein del av verdens einaste regnskog som veks i sand. Det vartein flott tur, med masse flott natur. Me såg til og med eit par relativt store øgle.
Neste dag tok Martin oss med til verdens lengste " sand-highway", og me køyrte langs stranda, til Eli Creek, Rainbow Beach, Indian Heads og Champagne Pools. Etter ein lang dag var me og innom Happy Valley og kjøpte oss ein is. På turen såg me både kval og ein elle an type hai.
Dag 3 var me berre 11 igjen av gruppa, mot 18 dag 1 og 2. Denne dagen reiste me til endå ein innsjø, som eg no ikkje hugser navnet på, der me var heilt aleine og koste oss ganske lenge. Etterpå køyrte Martin oss til Eurong der me åt lunsj, før turen gjekk vidare til Hammerstone Sandblow, ei vanvittig sanddynge med endå ein innsjø ved seg. Her gjekk me over Hammerstone og over til Rainbow Beach, der Martin venta på oss.
Etter tre fantastiske dagar i Paradis, var det på tide å ta ferja tilbake til fastlandet. Kl 20.45 hoppa Britt Sissel og eg på bussen vidare nordover, og kl 09.15 i dag tidleg var me i Airlie Beach. I dag har me berre sett oss rundt, og meldt oss på ein tre dagars segltur på Whitsundays. Det skal bli herlig. Så frå i morgo av vert det 3 dagar på båt. Det kan jo verta spennande for ei som tidlegare har blitt sjøsjuk på flytemadrass. Wish me luck! Deilig trur eg iallfall at det kan bli.
Fotograf: Britt Sissel Nesheim :-)
- comments