Profile
Blog
Photos
Videos
Wow, for ein dag. Den byrja kl 08.30 daa me vart henta av Elke fraa Cape Byron Kayaks som tok oss me til stranda der me skulle padle kayjak med delfinar, og kanskje til og med sjaa ein kval.
Det heile byrja med instruksjonar fraa dei tre guidane vaare, og forklaringar paa kva me no hadde begitt oss ut paa. Med ein litt kaldare dag enn me hadde forventa og regn i lufta, var me redde for at turen kanskje ikkje kom til aa bli all verdens. Men saa feil kan ein ta.
Britt Sissel og eg kom heldigvis i samme kayjak, og var dei forste som vart sendt ut i bolgene. Aa padla mot bolgene var mykje tyngre enn eg hadde forestilt meg, men me klarte det no paa eit vis.
Etter ei stund med paddling saag me plutseleg to havskilpadder (ei stor, og ei mindre) som kom opp for luft. Det var heilt fantastisk aa sjaa.
Vidare padla me ut forbi Julian Rocks, og plutseleg saag me ein kval som hoppa. Og ikkje lenge etter gjekk kayjak'en til Britt Sissel og meg rundt og me havna i Stillehavet. Etter litt kaving, og hjelp fraa dei kjekke instruktorane kom me oss endeleg opp att i kayjak'en, og me saag fleire kvalar som hoppa. I gaar var me innom kontoret til Greyhond (busselskapet me reiser med), og han som jobba der kunne fortella at han hadde sett ein kval tidlegare den morgonen, ca 5 meter fraa kayjak'en sin. Me var veldig letta over at dei me saag var ein god del lengre vekke enn 5 meter, ellers hadde me nok ikkje vore saa hoge i hatten.
Etter ei stund skulle me komma oss innover mot stranda igjen, og der peikar Britt Sissel og spor om eg ikkje ser delfinane. Nei, seier eg, men nett i det eg har sagt det kjem to stk hoppande mot oss, og passerer midt imellom kayjak'ane. Etter ei lite stund kom det 2-3 stk til. Heilt fantastisk!
No verkar det i dei fleste musklane eg klarar aa lokalisera, men det var det verdt. Absolutt eit minne som er kjekt aa faa med seg vidare.
I morgo kla 06.45 gaar turen vidare til Harvey Bay, for me skal til Faser Island paa sondag. Det blir knall!!
- comments
Hanna Dette høyres jo heilt fantastisk ut, Katrina. Håper de får det sånn heile turen <3