Profile
Blog
Photos
Videos
Daa har me kome til Byron Bay, ikkje langt fraa Brisbane. Me reiste med buss fraa Sydney i gaar ettermiddag kl 18, og var framme her 06.50 i dag tidleg. Bussturen gjekk overraskande fort, saa dette blir nok ikkje siste gongen me reiser med buss over natta.
I gaar hadde me ein avslappande dag i Sydney, der me berre koste oss paa havna og me var og ein tur i dyrepark. Der saag me blant anna mange koala'ar, og dei var jo rett og slett herlige. I tillegg til mange ekle slangar og reptilar, og ein stoooor krokodille!
Etter ein herleg dag, og ein overraskande kjekk busstur er me no framme i Byron Bay. Ein utruleg flott plass!
I dag har me brukt dagen paa stranda,og berre tatt livet med ro. I morgo er planen aa laana syklar og ta ein sykkeltur til eit fyr som ligger paa Australias austlegaste punkt. Og paa fredag har me meldt oss paa surfekurs, kayjaktur og delfin/kval/skilpadde-safari. Det blir nok veldig kjekt!
Fredag eller laurdags kveld gaar turen vidare nord til Fraiser Island, der me har booka plass paa ein seilbaat i eit par dagar. Etter dette gaar turen vidare til Cairns, der planen er aa faa kurs i dykking og se Great Barrier Reef.
Gler meg som ein unge, og syns at dagane gaar altfor fort!
- comments
Kirsti Gøy! Da høyres ut so de kjem te å få me dikkan da mest essensiella sjøl om de ikkje har alt fø lang ti. Og at de tar turen heilt opp te Cairns e jo heilt topp! Eg seie da igjen, GØY! Kos dykk:)