Profile
Blog
Photos
Videos
Bula!!
Etter mange dagar i byen Brisbane, begynte vi aa savne sol, strender og alt det ei stillehavsoey har aa by paa. Vi var derfor veldig klare for 10 dagar med latskap og ikkje noko anna enn latskap :) Vi landa i Nadi, og vart moett av musikkglade menn i blomstrete skjoert. Dette var utruleg morsomt. Vi hadde hoert fraa andre backpackarar at her var det eigentleg berre aa komme seg vekk fraa Nadi, derfor tok vi med ein gang kontakt med ei dame, Padmani som jobba paa hostellet, slik at ho kunne hjelpe oss. Ho var no verdas herligaste! Ho var nesten meir gira enn oss, og fiksa oss ein pakketur for ei veke der vi skulle besoeke to ulike oeyer. Vi sa: "Yes please" og forlot Nadi tidleg neste morgon.
Foerste stopp: Mana Beach
Jadda, som om vi ikkje har nok regn heime i Brekke. Her poeste da ned! Det begynte allereie midt ute paa det opne hav, med baat som lak var vi usikker paa korleis ditta skulle ende. Vaeret blei ikkje noke betre naar vi kom til land heller, men optimistane fraa nord tenkte at det gjr seg nok snart. Vi blei vist til der vi skulle sove, men der var det visst ikkje gjort reint. Derfor blir sendt til eit rom med ei dobbeltseng og ei enkeltseng. Her kunne vi bu til dei hadde gjort reint. Men vi endte no opp med aa bu der gjennom heile opphaldet vaart vi. Det var oss, ein koloni med maur og ei mus som trudde at sjokoladekjekspakken paa golvet var til ho som skulle dele rom her. Vi budde nett slik som dei andre paa denne oeya budde, elektrisiteten kom paa klokka 6 om kvelden og varte til klokka 6 om morgonen. Maten blei servert til faste tider, saa her var det berre aa moete opp. Gjekk du glipp av eine maaltidet maatte du vente til neste. Paa denne oey var det verken Rimi eller Coop for aa sei det saann, ikkje ein gang Oppedal Servicebygg var aa finne her! Etter aa helst paa alle maurane, stakk vi tilbake til sjoelve restorten. Her var det daarleg stemning sefoelgeleg grunna alt regnet, som endaa ikkje hadde gitt seg. Det blei kortspeling stort sett heile den dagen, medan vi venta paa at regnet skulle gi seg. Vi fekk og litt angst for kva i alle dagar vi skulle finne paa visst ditta regnet skulle vare i fire dagar til! Ut paa kvelden fekk vi laert oss Fijiensk dans, og bei seinare kjend med ein fraa Canada som kunne saa mange drikkeleikar at vi blei sittande resten av kvelden.
Vi hadde allereie bestemt oss for at visst det regna daa klokka var aatte droppa vi frukosten. Og det regna! Men til lunsj derimot kom endelig sola!! Daa var det rett ned paa stranda for aa fikse litt paa brunfargen ;) Der grodde vi fast resten av dagen, og eigentleg resten av opphaldet vaart og. Det var altsaa dette dagane gjekk i. Kveldane gjekk i dans, fireshow, masse leikar og ein del alkohol: Fiji Bitter, vaar Favoritt! Vi blei kjent me mange kjekke folk, deriblant 4 andre nordmenn. Dette passa bra daa vi siste kvelden skulle ha talent konkurrande og blei delt opp i land. Vaart bidrag var kanon av "Jeg gikk en tur paa stien". Den blei motteke med stor applaus.
Andre stopp: Robinson Crusoe Island.
Heilt utslitte sette me oss paa ein ny baat som skulle ta oss med til Robinson Crusoe Island. Her blei vi nesten litt for godt kjent med ein einsleg far fra Australia daa han hadde paa seg ein litt for kort shorts. Vi takla dette paa ein veldig moden og vaksen maate og begynte ikkje aa le i det heile tatt. Paa denne oeya sov vi paa ein 28 sengs dorm. Dette gjekk overraskande bra, og vi sov godt alle nettene. Troette som vi var daavi kom, maatte vi melde pass etter god middag og fantastis dans og fireshow, saa vi gjekk aa la oss. Dagane her bestod av det same som paa Mana. Sidan det ikkje var vind paa denne oeya var det mykje varmare, noko som gjorde at me maatte soeke ly i hengekoeya. Her grodde me nesten fast.. igjen.. heilt til siste dagen daa hengekoeya hadde faatt nok av norsk vikingkjoet, og deisa i bakken. Vi fekk ein lokal til aa fikse den og sette oss ikkje meir i den. Ogsaa her var det mykje leik og moro paa kveldstid. Blant anna fekk vi vere med paa ein skikkeleg Kava-sermoni (kava er nasjonaldrikken til Fiji). Lykkelige og brune er vi reiste til storbyen Los Angeles og har mange, men ubestemte planar. Vi snakkast!
Enkelte ting som skjer paa backbackertur, blir paa backpackertur. desverre :D
- comments