Profile
Blog
Photos
Videos
Saa forlot vi Cairns og storbylivet til fordel for Alice Springs og oedemarka. Uvitne om kva som kom til aa moete oss ute i ingenmannsplass slengte vi oss paa flyet, framleis ganske doesige etter gaarsdagens festivitas ;) Det foerste som moette oss var ein koloni av fluger! I ekspressfart fortar vi oss inn paa flyplassen for aa ungaa aa svelge dei eller gi dei sjangsen til aa bygge hus i oeyra vaares.
Paa veg til Alice fekk vi selskap av to jenter fraa den tidlegare connections-turen vaar (Shara og Alice), dei skulle ogsaa utforske oedemarka men ikkje med samme gjeng som oss. Vi sjekka inn paa hostellet vaart og tenkte vi skulle bedrive sightseeing i byen. I tillegg til at den er ganske forlatt ifra foer av, hjalp det ikkje at det i tillegg var soendag. Vi stakk paa supermarkedet, kjoepte med oss ost og kjeks og slappa av i parken :) Det blei tidleg kveld paa oss, oppmoete neste dag var kl 7!
Den nye connections gruppa vaar var ein liten, men trivelig gjeng. Vi blei overraska daa vi merka at halve bussen var fraa Danmark, har ikkje moett mange skandinaviske paa reisa vaar.
Saa var vi i gang! Tre netter i oedemarka, i telt og sammen med Australias wildlife. Utsyrt med flugenett, solkrem og fleire liter vatn var det ingenting som kunne stoppe dei to jentene fraa nord ;) Etter nokre timar paa buss stoppa vi ved Kata-Tjuta (The Olgas) Roed sand, oransje steinformasjonar og knallblaa himmel var det som moette oss. Etter to timars vandring tok vi bussen vidare for aa sjaa solnedgang ved Uluru. Dei to ledarane vaare, Russel og Luke fiksa opp med vin, kjeks og ost :) Tilbake til der vi skulle bu for natta blei det middag og endaa meir vin. Vi fekk og tilbud om vi ville sove under open himmel. Det ville vi proeve! Stjerneklaar himmel fekk oss til aa gloyme baade dingoer, giftige edderkopper og slanger som sikkert luska rundt. 5 minnutter seinare var vi begge sovna, utslitte etter forste dag i outbacken!
Jadda! Klokka er 4-5 om morningen, her hadde vi ikkje tid til aa ligge aa dra oss. Vi skulle opp for aa faa med oss soloppgangen ved Uluru. Dessverre ingen vin, men ein veldig flott tur fordiom:) Sprek ungdom som vi er gjekk vi rundt heile Uluru. Den var no eigentleg ganske lik i fraa alle kantar, men uansett saa fasinerande at ein kan ikkje stoppe aa sjaa paa den. Seinare tok vi buss til Kings Canyon, her skulle vi tilbringe vaar neste natt. Sidan vi hadde gaatt saa mykje den dagen tenkte vi at vi skulle ta oss ein kveldstur paa kamel :D Veldig avslappandes, men etter ein tima fekk vi ilt i raeva. Vi fekk utrulig god middag servert ute medan vi koste oss rundt baalet med ein kald oel :)
Nok ein tidleg morgon! Idag skulle vi ut paa tur i Kings Canyon, og daa var det best at vi var tidleg ute saa det ikkje skulle bli saa varmt aa gaa daa sola kom fram. Ein kjempe flott tur, med nokre nydelige utsiktsplassar. Vi var begge eininge om at denne turen var betre enn turen rundt Uluru. Men det var ein sliten gjeng som satt seg paa bussen daa turen gjekk tilbake til Alice Springs. Tippar etter 10 min var heile bussen sovna. Soveplassen i Alice Springs var nokre stjerner hoegare enn telta vi hadde sove i dei siste to dagane. Her var det rett inn paa hotell med basseng! Fekk go tid til aa gjere oss klar for kvelden, no skulle vi ut aa sjekke utelivet i Alice Springs.
Neste morgon saa vi farvell til gruppa og satt oss paa fly til Brisbane. Her skal vi no tilbringe nokre dagar foer vi maa sei farvell til Australia. Fortida sjekka vi opp i mulighetane for SKYDIVING for dette er noko vi begge vil :D
- comments