Profile
Blog
Photos
Videos
Etter 9 timar paa flyet uten soevn kom vi til Australia klokka halv 4 thailandsk tid, og halv 7 australsk tid. For oss foeltest det som om klokka var 5 paa ettermiddagen. Vi hadde ikkje bestilt nokon plass aa sove paa forhond, men etter hjelp paa flyplassen fann vi oss eit billig hotel i Kings Cross. Vi skjekka inn, la oss og kom ikkje ut igjen foer i 9-10 tida paa kvelden. Dette var siste kvelden vaar sammen med Marianne. Ho har no reist paa eigne eventyr med Stig Harald. Vi fortsette ferda vidare. Dei 3 gjenstaaande dagane i Sydney skal vi bruke paa aa utforske byen som ekte turistar. Vi har allerede sett Operahuset og Harbour Bridge, kjempeflott! Vi ville teste ut utelivet i Kings Cross, og vi enda opp paa ein bar med KUN jazzmusikk, men billig oel og fancy toalett. Vi planla aa vere der ei lita stund, men kom i prat med to "lokale" fraa Russland og India. Dei spanderte og vi jatta med.
I dag skal vi koeyre rundt med sightseeingbuss for aa sjaa dei ulike serverdighetene.
Loerdag begynner reisa vaar nordover langs oestkysten. Vi pakkar sekken og sleng oss i ein buss sammen med 30 andre backpackerar. Vi gledar oss! :) ses!
- comments