Profile
Blog
Photos
Videos
Brisbane i 9 dagar! Det aa komme til Brisbane uten aa ha bestilt naake form for overnatting trudde me skulle gaa som smoer paa broed. Paa flyplassen var det ingen turistinformasjon saa me maatte ta saka i eigne hender. Det viste seg at det meste var fullbooka, men me klarte aa lure oss inn paa eit hostel for ei natt som ogsaa kunne tilby ein aircondition som ogsaa hoertest ut som ein radio. Likevel klarte to utslite jenter aa sove godt heile natta. Neste morgon var det paa'an igjen med aa leite etter overnatting. det var ikkje akkurat lettare denne dagen ettersom det no alt var blitt fredag. Etter masse styr og stress klarte me aa faa lurt oss inn i ei lita hytte i heile tre netter! Her hadde me det finfint! Ikkje berre var det flotte babybilder paa veggen, men og ei dodoer som ga mulighet for aa snikkikke paa kvarandre!! Dersom vi hadde hatt med oss ein katt hadde det ogsaa vert mulig for den aa komme seg inn paa eiga hand gjennom katteluka (kanskje ikkje Monica sin daa). Men vi fann til slutt ut at dette sikkert ikkje var ei katteluke likavel, men ei luke for aa stikke handa gjennom for aa tette igjen det store holet mellom doera og golvet med noko som ligna paa ei kjempe poelse! Ikkje nok med det, daa Kristin skulle ha seg ein dusj klarte ho fint aa rive ned heile dusjdoera, og det var litt av eit prosjekt aa faa den paa plass igjen! Alt i alt, veldig fornoegd med opphaldet ;)
Andre dagen vaar i Brisbane reiste me i koalaparken Lone Pine. Her fekk me halde koala i tillegg til aa klappe og mate kengruar. Om kvelden ville vi proeve utelivet i Brisbane, noko som foerte til at vi i ettertid stiller oss litt skeptiske til enkelte menneske. Likevel var det ein toppers kveld med heftig dansing til Grease! Vi avslutta kvelden med Mac donalds, pizza og brownies. Dagen etterpaa hadde me ikkje fullt saa mykje pengar som dagen foer. Slik kan det gaa, vertfall naar ein er ustoe paa handa.
Ellers saa har 7eleven naaken veldig gode sandwich som no har blitt vaart faste frukost maaltid, nemleg viktig aa benytte seg av tilbuda som er: kvar 5. gratis. Sammen med ein 1-2liters juskartong som no har blitt vaart kjennemerke er dette ein foersteklasses frukost, som etterkvart og har blitt vaart hovedmaaltid i loepet av dagen. Vi har og faatt sansen for aa ete salte kjeks med dip (tzatziki, sundried tomato, humus, avocado, french onion - ja vi har proevd dei fleste) i parken. Anna nytt er at Kristin sitt kamera har tilbrakt litt for mykje tid paa stranda, og har derfor blitt sandblind, noko som foerer til stripete bilde. Akk, det er ikkje mykje aa gjere med ettersom det kostar mykje meir aa fikse det enn aa kjoepe nytt, og heller ikkje mykje aa gjere med naar ein ikkje har meir pengar *hiiiint*.
Vi har no flytta ut av den flotte hytta vaar og innpaa eit backpasker resort. Her bur vi paa ein 8 sengs dorm og soev overraskande bra. I morgon er vi klare (vertfall nesten.. kanskje) for aa hoppe i fallskjerm, og ser fram til dette (vertfall litt.. kanskje) :D.
Berre aa kommentere paa bloggen ;) Me saknar norske stemmer! svenske e da nok av som da e..
SKYDIVING!
Skumlaste, eklaste, dummaste, men kjekkaste, morsomaste og det beste! Snakk om kick! Joda, vi torte aa hoppe i fallskjerm. 14.000 feet, og meir enn hoegt nok. Grunna at vi maatte staa saa utrulig tidleg opp, gjekk det ikkje opp for oss at vi skulle hoppe foer vi kom dit. Plutselig blei vi litt satt ut, sommarfuglane i magen begynte aa lette paa vingene og vi begynte aa lure paa om dette var ein god ide likevel. Spesielt naar vi maatte skrive under paa at vi var klar over den hoege faren det er ved aa hoppe i fallskjerm. Ved aa skrive ned namnet paa foreldra vaare og nummer i tilfelle dette ikkje skulle gaa saa bra, var vi klare for aa hoppe! Heldige som vi var, var vi dei siste som fekk hoppe noko som gjor at vi fekk eige fly. Passa oss bra for daa fekk ingen andre sjaa kor nervoese vi eigentleg var. Det tok oss 15min foer vi var saa hoegt oppe som vi matte vere. Utsikta var fantastisk! Foerste mann var Kristin. Det siste ho ser foer ho blir kasta ut av flyet er Monica med verdens stoerste smil som seier: eg er glad i deg! Dette var Kristin ikkje heilt i stand til aa hoeyre og fauk i veg. Med lukka auge og eit skrik som sikkert heile verden kunne hoeyre. Saa var det neste mann! Ho fekk aldri hoyre at noken var glad i ho. Vi hadde 1min i frifall, noko som var heilt ubeskriveleg, og vi kan eigentleg ikkje hugse saa mykje fraa det minuttet. Saa var det ut med fallskjermen, og nervane hadde roa seg litt, men ikkje heilt. I motsetning til frifallet daa det foeltes som vi for som eit skudd mot bakken, virka det no som vi stod heilt stille i lufta. Noko vi fann veldig rart var at vi kunne ha ein vanleg samtale med instruktoeren medan vi "hang" der. Visste ikkje at det skulle vere saa lett aa hoyre kva dei sa og at det var saa stille rundt oss. Etter 5min i lufta, med ein utrulig utsikt gjor vi oss klare for landing. Ei kjempe oppleving, som vi gjerne gjer igjen! Visst det er nokon som er interesserte i aa faa seg ein god latter saa har vi begge fiksa oss ein dvd av heile hoppet, det er 2 stk veldig attraktive kvinner i luften!
- comments