Profile
Blog
Photos
Videos
Los Angeles mine damer og herrer!!
Her i storbyen bur vi paa Orbit hostel, ganske sentralt; bel air. Rett attmed der vi bur er skulen som Brithey Spears og medlemmene i RHCP gjekk paa, ogsaa der bandet vart starta. Paa hostelet havna vi paa 6 sengs dorm med 4 andre nordmenn, der no to av dei er erstatta med danske. Etter 10 dagar paa Fiji uten internett gjekk vi foeste dagen rett til Apple-butikken for gratis internett. Der vart vi hengande. Det som var igjen av dagen brukte vi paa ei typisk amerikansk sjappe, der vi kjoepte verdens stoerste oreo cookies and cream milkshake, saman med ein saftig burger med chips. Daa vi kom ut derfraa var vi ikkje i stand til aa gjere anna enn aa legge oss. LA er mykje kaldare enn det vi hadde forventa, saa neste dag maatte vi gaa paa shopping i Beverly Hills shoppingsenter for aa kjoepe varme klede til kalde kroppar. Kristin fekk og fiksa seg eit nytt fancy rosa kamera, og er klar for aa leike paparatsi i LA.
Saa var det tid for aa sjaa seg om i sjoelvaste Los Angeles paa ekte vis. Vi trykte ein trang minibuss full i turistar som i stor ekstase fekk sjaa baade hollywoodskiltet, walk of fame (som vi MAA tilbake til ein anna dag), venice beach (der monica aat roed, groen og graa nachos), santa monica og sjaa husa til mange av kjendisane som til doemes Victoria og David Beckham, Michael Jackson (som har gloemt aa ta ned julepynten), Paris Hilton sitt tidligare hus der ho hadde ville festa, Christina Aguilera, Tobey Maquire, Jennifer Aniston, Cortney cox, Hugh Hefner.. Vi fekk bla. sjaa skulen der Grease er spelt inn, same skule som britney spears sin musikkvideo "hit me baby one more time" er spelt inn, huset der fresh prince in Bel Air er spelt inn og mange andre hus som er med i ulike scener i filmar/seriar!! Siste stopp paa bussturen var Rodeo Drive, som er ei veldig dyr handlegate med butikkar som chanel, lacoste, armani, boss osv. Daa vi kjoerte forbi saag vi at det var fullt av folk utanfor ein butikk. Daa vi stoppa og hadde 20 min til raadigheit, gjekk vi oppover dit. Naaken folk sprang forbi oss paa veien og snakka om michael jackson. Daa vi kom opp kom det politi og jaga alle vekk. Vi gjekk vidare og syns ganske synd paa kjendisane som blir forfulgt av galne fans. daa vi kom tilbake var det like fullt med folk igjen. Vi fekk daa vite at Michael Jackson var der inne! Vi stod der ei stund foer vi hoerte vill skriking bak eine hjoernet. Plutselig var vi 14 aar igjen og sprang bort, skrikande og vinkande til verdensberoemte Michael Jackson som stikk hovudet ut av vindauga og vinkar i det bilen koeyrer forbi. Monica fekk til og med tatt eit bilde! Alle som vil kan faa ein kopi til 561 kr. Halvparten vil gaa til sjoelvaste Jackson som er gaatt konk, og som no leiger hus til 100 000 $ i mnd (stakkar..)
I kveld trur me at me maa ta turen bort paa ein kafe/restaurant like der vi bur, bussjaafoeren vaar sa nemleg at der gaar ofte kjendisane. KAA? eg sa vi va 14 aar igjen...
Ellers er det ein ganske kul ting at hostela spandera gratis middag og oel paa loerdag, uten aa bry seg om den alt for hoege aldersgrensa paa 21 aar ;) Derfor vil vi bli i denne kule kjendisby til mandag:)
Siste dag i LA! I loepet av desse dagane har vi blant anna faatt besoekt Universal Studios. Her var vi fraa klokka 9 til 18, men fekk likevel ikkje sett/vert med paa alt. Vi fekk sjaa mange kule film effektar, baade brann, bilulykker, regn/flom, lyd, eksplosjon og masse anna. Fekk og sjaa der det er filma i ulike scener i filmar og seriar.
Vi maatte og ta turen tilbake til Hollywood, walk of fame (som ikkje er saa glamoroest som ein trur). Her gjorde vi ein flott innsats i aa gjere sekken vaar endaa fullare og tyngre :)
Paa Loerdag feira vi 3-aarsdagen til hostellet vaart med gratis middag og oel. Dette fall i god smak, og med tilbrakte kvelden med to danske jenter, ei fra england og sju norske kara :) Det var ein kjekk kveld, heilt til engelske menn bestemte seg for aa ta av seg alle kleda. Ka e da med menn og kle av seg paa nachspeil?
Elles blir me feite i ditta landet! Sidan vi er backpackarar og proever aa ikkje bruke for mykje pengar et vi og den billigaste maten vi finn. I ditta landet er det burger og pommes frites. Vi er blitt faste kundar hos Jhonny Rockets, som forresten har no nokon heilt fantastiske Oreo Milkshakes. (Feit sa du??) Der blei vi godt likt av ein som jobba der, han sa han jobba paa ein nattklubb og ville gjerne ta oss med dit. Men vi sa: roan Johan! Vi er dessverre berre 19 og 20 og kjem ikkje inn nokon plass. Det var ingen problem for det skulle han fikse! Dessverre var dette paa fredag, saa vi maatte takke nei til eit fantastisk tilbud. Men vi fekk no likevel nummer og signatur paa ein papirhatt som dei hadde, saa skulle vi ombestemme oss var det berre aa ta kontakt! Vi seier no farvell til denne kjendisby, og stikk norover til San Francisco. Dette visst vi faaar tak i ein bussbillett daa!
- comments