Profile
Blog
Photos
Videos
New York!
Etter ei natt paa fly utan soevn kom vi til New York, der vi blir moett med regn. Dagen blei brukt til ingenting utenom aa sove og ete. Vi budde paa eit hostell 10min unna Union Square, her delte vi rom med ti andre jenter og naar 12 jenter skal paa badet om morgonen er det doemt til aa bli lang koe! Etter eine dagen daa vi ikkje kom oss ut foer halv 1, skjoente vi at vi maatte trosse skjoenhetssoeven og vaere lure og staa tidleg opp slik at vi var dei foerste paa badet! Dei tre neste dagane vi hadde i New York enda veret seg dramatisk og vi fekk mykje sol, til og med nesten for varmt paa det beste! Vi har besoekt The Empire State Building der vi ogsaa fekk vere med paa skyride, Central Park der vi lunsja oss, Comedy-show der vi kjoepte billettane av ein tilfeldig mann paa gata som og insisterte paa aa faa facebooken vaar, Times Square, minnemerket etter World Trade Center og sett Statue of Liberty. Vi gjekk sjoelvsagt gjennom handlegata 5th avenue der den einaste butikken me turte aa gaa inn i, i frykt for aa bli kasta ut var Disney-butikken. Vi foelte vi passa betre inn der enn i Channel og Lacoste som laag ved siden av. Vi likte oss bedre i SOHO der butikkane var meir tilpassa vaart budsjett :) New York kryr av merkelege menneske, kanskje ikkje saa rart sidan det er over 18 mill innb. Vi fann fort ut at subwayen er like prega av fijidoesa som sjoelve Fiji. Paa subwayen moette me bla. den stoerste amerikanaren som nesten ikkje fekk plass i to sete, gangsteren som floerta, mannen som datt paa golvet daa han sov (daa var det nesten umulig aa ikkje dette sjoelv av latter!!), smaajentene som fekk gammal mann i ekstase av aa floerte og uteliggaren som nesten datt oppaa oss. New York har det meste og det er mykje folk stort sett overalt. Times Square virka nesten som ein reklamefilm med store skjermar, blinkande lys og folk som vil selje deg ting overalt, foreksempel obama-kondomar for dei som maatte oenske det;) Etter ein slapp og tre travle dagar var det tilbake til LA! Vi har no tatt vaar siste burger og oreomilkshake paa Jhonny Rockets paa Farmers Market og er snart klare til aa forlate dette land til fordel for Brasil og det som maatte vente oss der :)
Vi har innsett det at aa legge ut bilder paa bloggen ikkje var saa lett som vi trudde det skulle bli. Og beklagar til dei vi matte skuffe. Men fortvil ikkje, dei kjem! Betre seint enn aldri, sjoelv om seint er kanskje naar vi har komt heim :)
- comments