Profile
Blog
Photos
Videos
Siste helga i Moshi er naa nesten over! Utrulig rar folelse at me ikkje skal vere her lenger. Rart kor fort ein blir vant til, og foler seg heime ein plass, til tross for kor forskjellig det er fraa heime.
Paa Msamaria er det ei jente som ikkje gaar paa skule. Paa grunn av at ho i all hast romte fraa maasaifamilien sin naar ho skulle bli omskjert og gifta vekk. Ho er 12 aar gammal, og fekk hjelp av mora til aa komme seg til Msamaria. For aa faa gaa paa skule i Moshi trengte dei godkjenning fraa familien og den andre skulen. Saa paa torsdag reiste me langt ut paa landsbygda for aa finne skulen og kanskje familien til jenta. Ho viste vei, og me fant skulen. Ho gjomte seg i bilen aa ville til aa begynne med ikkje komme ut, og var livredd for aa bli tatt tilbake. Etter kvart kom ho inn og fekk snakka med rektor, og Johnson hjalp til aa faa forklart saken. Me fant ei venninna av jenta paa skulen, som viste nokon av dei som var med veien ut til maasaifamilien, og etter litt tid kom dei tilbake med mora og svigersostera til jenta. Sosken av jenta kom ogsaa. Det blei et rorande mote! Dei hadde ikkje sett jenta paa 3 mnd og visste ikkje om dei ville faa sjaa ho igjen. Alle grein og klemte paa ho. Det viste seg at sostera til jenta paa 17 aar hadde blitt gifta bort til mannen istadenfor, sidan brudeprisen paa x antall kyr var betalt. Pga dette kunne me trygt dra inn for aa mote resten av familien til jenta, etter at mora og rektoren hadde utarbeida ein godkjenning om at ho kunne faa begynne paa skule i Moshi. Etter eit stykke paa ein sti langt innover i eit steppelandskap fant me heimstaden hennar. Nokre bittesmaa hus laga av jord og kvist, nokre honer og geiter som trippa rundt, og ellers ein del kvinner og barn. Menna var ute aa gjeta kyra paa dagen. Det var ingen teikn til at dei levde av noko anna enn naturen her. Dei var saa glade for at me hadde tatt med oss jenta, og tok hjertelig imot oss. Ein fin opplevelse. Jenta blei med oss tilbake til Msamaria sjolv om det for oyeblikket ikkje var fare for at ho skulle bli gifta vekk. Ho sa ho ville nytte muligheten til aa faa ein utdanning i Moshi, saa ho kunne komme tilbake og hjelpe familien sin. Voksen avgjorelse av ein 12aaring...Jenta har dei tre vekene me har vore paa Msamaria vore veldig stille og me har sjelden sett eit smil. I bilen paa vei heim sang ho:).
Me fekk ogsaa omvisning paa den gamle skulen til Lucy. 360 elevar + 150 barn i barnehage og 8 ansatte. Ein fattig skule, utan tilgang til vatn eller kollektivtrafikk fraa heim til skule. Mange gjekk eller sykla 15 km kvar vei, kvar dag, og for aa faa tak i vatn maatte ein gaa 7 km for aa hente paa ungdomsskulen. Til hausten ville 15 av dei 60 elevane i 7.klasse begynne paa ungdomsskulen. Det var ei svaert hogt tall, i forhold til andre aar... Ungdomsskulen er dyrare enn barneskulen, og mange maa heller vere heime aa hjelpe familien, eller begynne aa jobbe naar dei blir saa store.
Paa fredag hadde me vaar siste offisielle dag paa Msamaria, og eg og Madeleine handla inn til middag. Me fekk hjelp av Msafiri, ein av dei som jobbar paa hostellet vaart, til aa handle, sidan det ikkje er daglegkost for oss aa forberede eller rekne ut kor mykje mat som trengs til 40 barn. Han hjalp oss ogsaa aa tilbereda maten, helsigvis. For me har vel heller aldri laga ein saa stor middag ved hjelp av baal og gassbrennar. Paa menyen stod ris, kylling og masse gronnsaker, uvanlig for barna som til vanleg et ugali eller bonner til kvart maaltid. Dei aat og aat og aat, som dei alltid gjer, til det var heilt tomt, og alle barna kom aa takka oss saa fint, og nekta oss aa vaske opp, for det skulle dei gjere. Ein herlig gjeng! Naa skal me opp aa ha ein siste dag aa leike litt med dei og sei hade til dei.Trist. Kjem til aa savna den gjengen! Men naa staar safari og Zansibar for tur, som nok blir rimelig fantastisk, satser me paa:)
I morgon kjem Julie, og tirsdag morgon kjem Marie, daa drar me rett paa 3 dagars safari, 11 stykker. Ein haug med svenskar, ei fraa USA og nokon herlige safariguidar, saa alt ligg til rette for ein straalande tur. =)
- comments
Vidar Veldig kjekt å lesa. Håper dere får god tur på safari, husk å bestemme farten ned i ngorogoro om de skal der. På Zanzibar er det mange som vil vere guid. Finn ein som ser snill og rolig ut og ikkje er rusa. Vi ville ikke ha og fekk masse trøbbel. Så fann vi en og han brukte vi i to dager i Stonetown. På strender gå aldrig alene, vær minst 3 stykk i lag.
Mari Tusen takk, og takk for gode raad onkel Vidar. Det skal me huske paa=)