Profile
Blog
Photos
Videos
Aa vere kvit og turist i Tanzania...
Naar ein er i Afrika har me faatt oppleve at hudfargen har mykje aa sei. Me skiljer oss lett ut, naar me gaar rundt som kvite laken her, paa sida av fine gyllen-eller sjokoladebrune folk, til tross for at me langt i fraa er dei einaste kvite i Moshi. Naar me gaar i gatene ropar folk "muzungu" etter oss, som betyr "kviting". Alle helser og vil snakke med oss, slaar gjerne folge paa veien. Noken vil bare snakke og mange er veldig hyggelige, men mange skal aller helst ha deg med til butikken sin. Fleire, baade kvinner og menn her, fortel oss at dei aller helst vil ha ein kvit kjaereste. Barna paa barneheimen peiker paa huden vaar og seier : "nzuri sana" som betyr "veldig fin",og at saann farge vil dei ogsaa ha. Den "rike" hudfargen. Mange forventer at me har mykje pengar, og at me skal bruke dei pengane her.
I dag har eg vore paa legevakten, pga fekk noko utslett paa ryggen. Venterommet var fullt. Og eg tenkte at det kom til aa bli lenge til eg kom meg bort paa barneheimen idag. Men neida, 2 minutt tok det omtrent, og eg blei tatt med forbi heile koen og inn til ein hyggelig lege som hjalp meg. Greit aa sleppe aa vente, men kjentes ubehagelig aa gaa forbi personar som kanskje har venta aldri saa lenge, og er det bare pga hudfarge? Eller for aa gjere eit godt inntrykk paa turistar? Det hadde vore spennande aa faa bytte hudfarge for ein dag her, og oppleve korleis forskjellen hadde vore i mote med menneske her, som noko anna enn "muzungu".
Ellers prover me for all del aa tilpasse oss kulturen paa ulike maatar her. Det mest "afrikanske" eg trur me har gjort her til naa, er vel naar me i forrige veke skulle hente sagflis til kyllinghuset paa barneheimen. Me gjekk til eit sagbruk, og lessa oppi tre stappfulle, store sekkar med sagflis. Eg tenkte mitt om korleis me skulle faa med oss desse, og stod litt aa lurte, naar ein mann kom bort til meg, lofta opp den eine sekken og plasserte den fint paa hodet mitt. Saa daa var det altsaa bare aa gaa, og det maa eg sei: ALL respekt til dei afrikanske damene som stablar ting som bananklasar, vannbotter, store redskap, osv osv oppaa hodet, for det var jammen ikkje lett. Eg og Madeleine gjekk aa svaia fraa side til side litt, mens me provde aa holde sekken paa plass med armane, men Safina, ei av dei som jobbar paa barneheimen gjekk aa sendte sms med mobilen sin, mens sekken laag saa fint oppaa hodet hennar. Og snakk om aa faa mykje oppmerksomhet berre med aa vere kvit, men ein kvit som baerer ein sekk paa hovudet, det var visst store saker, for aldri har me vel faatt saa mykje kommentarar, og latter og peiking etter oss. Til og med andre "muzunguar" stoppa og peikte og tok bilde. This is Africa!
- comments
Martha Hahahaha! eg ler meg i hjel :D KONGE! sku likt å sett dåke :D
Vidar Hei Veldig kjekt å lese Mari. Det er aqkkurt 10 år sidan eg var der nede i den byen. Eg gikk på Kilimanjaro desse dagar i påsken 2001