Profile
Blog
Photos
Videos
Saa var "kvardagen" begynt i Moshi. Eg er begynt aa jobbe paa Msamaria, ein heim for gatebarn mellom 6 og 18 aar. Senteret er drive kun paa frivillig basis, og har nesten 50 barn paa det meste. Denne veka er det imidlertid skuleferie i Moshi, og det har bare vore ca 15 barn paa heimen. Resten er heime hos slektningar eller andre som har tatt seg av dei for ei kort stund. Med andre ord ein rolig start med aa laere navn og ansikt for meg. :)
Kl. 8 kvar morgon vandrar eg ut fraa hostellet vaart i Soweto. Kvar natt regnar det saa det hoyres ut som taket skal falle saman, saa veien er innimellom ganske gjormete, men lufta kjennes herlig frisk og rein ut etter saa kraftige skurar. Eg gaar ca ein time for eg kjem til Msamaria. Ein herlig morgentur der det alltid er noko aa folge med paa langs veien, og mange hyggelige mennesker som helsar med jambo, mambo og habari, og innimellom slaar folge eit stykke paa veien.
Denne veka paa Msamaria har stort sett gaatt med til aa leike og bli kjent med ungane, hjelpe dei med matlaging og klesvask, laere bort litt engelsk og bli laert swahili. Det syns dei er kjempekjekt, og selfolgelige veldig morsomt naar eg uttaler ord feil. Me driv ogsaa aa lager perlesmykker, armbaand o.l. som dei selger inne i byen, for aa tjene pengar til barneheimen. Eg blir til etter lunsj, og baade voksne og barn er veldig opptatt av at eg skal ete mat i lag med dei, saa eg har virkelig faatt ein innforing i enkel, afrikansk kost, stort sett bonner og ugali(ein maisgraut/deig). Veldig uvant mat for meg, men fint aa faa ete ilag med ungane.
Dei aller fleste av ungane som er paa senteret har av ulike grunnar budd paa gata. Mange har misbrukt marihuana, lim o.l. heilt ned i 10aarsalderen, dei har blitt banka opp, sloss og stjelt for aa overleve. Likevel finn eg ungane overraskande tillitsfulle, og blir tatt imot med bokstaveleg talt aapne armar.
Madeleine har mislikt litt dei andre prosjekta ho er blitt plassert paa, og begynte derfor idag paa Msamaria ogsaa. Saa naa er me paa same plass. Skal bli kjempekjekt.
Ellers er livet i Moshi "pole pole"(saakte). Me vandrar litt rundt paa marknaden, tar ein dukkert i et basseng me har funne i naerheten, og berre er her. Transportmiddelet naar me ikkje gaar er daladala, hiacar med seteplass til ca 12 stk, men som ikkje er full for folk heng ut baade dorer og vindu. 25-30 stk er heilt normalt. Mildt sagt ein opplevelse:).
Til helga skal me reise til Marangu, aa gaa paa utforsking i jungelen, sjaa grotter og fossefall.
Eg har litt problem med aa laste opp bilder paa bloggen min, men sjekk ut Madeleine sin blogg (link paa facebooken min) :).
- comments