Profile
Blog
Photos
Videos
Oppdatering fraa Moshi. Her staar alt fortsatt bare bra til. Denne veka paa Msamaria har gaatt med til aa hjelpe til aa samle informasjon om barna gjennom aa intervjue dei og dei ansatte. Kvar dei kjem fraa, familie og slektningar, og kvifor dei ikkje kan bli hos dei, kva deira historie er og deira drommar for framtida. Historiane til ein del av barna er av og til saa ufattelige og triste at ein ikkje vil tru paa det dei seier, og det er uforstaaeleg for meg korleis dei tross alt kan vere saa tillitsfulle og blide. Dei fleste gutane vil bli fotballspelar, pilot eller president, og Obama er det store forbildet! Nrk har vore aa filma paa barneheimen her litt for me kom her, saa om ikkje saa lenge kjem det nok ein dokumentar der fraa. Oppfordrer saaklart alle til aa faa med seg den daa;)
Ellers var eg og Madeleine paa utflukt paa sondag, til Marangu. Me tok ein falleferdig dalladalla som suste avgaarde i farlig fart i 1-2 timar, og kom til ein nydelig landsby paa andre sida av foten av Kilimanjaro. Me fant ein guide som tok oss med rundt paa omvisning. Kamelonmannen kalla han seg, og med god grunn. Han fant kamelonar overalt, og viste oss dei. Eg hadde aldri sett dei uten hjelp, med den kamuflasjen. Fascinerande dyr. Me vandra rundt i landsbyen og blei tatt med paa banan-og kaffiplantasjar, frukthagar med sitron, appelsin, avocado, kakao, osv. Utrulig kva dei har her i Afrika;) Me var ogsaa aa saag paa noken fossefall som dei var stolte av, men kan ikkje maala seg med norske fossar. Til slutt fekk me komme ned i ei hule som var brukt under stammekrigar mellom lokalbefolkninga og maasaiane. Utrulig smalt og morkt, og ufattelig at dei har levd saann nede i jorda. Dei hadde til og med kyr der, utan at eg kan forstaa korleis det er mulig aa faa dei ned i eit svart hol der eg maatte aale meg ned.
I gaar hadde eg bursdag her i Tanzania ogsaa. Det var ein herlig dag. Til frokost hadde Msafiri(ein av dei kjempekoselige som jobbe paa hostellet vaart) lagt pannekaker. Fin start paa dagen! Madeleine bestilte skreddarsydd afrikabukse til meg, som me venter spent paa at skal bli ferdig, og etter ein lang dag paa Msamaria, der me hadde vore baade intervjuarar og sjukepleiarar, kom me heim til middag, bursdagskaka og is. Etter middag tok Johnson(han som styrer foot2afrka) alle oss paa hostellet med til ein pub i den store bilen sin, for litt Kilimanjaro-beer, for det var natt=) Veldig fin dag!
Og til slutt litt reklame: Om du noken gang har lurt paa aa jobbe frivillig i Tanzania, sjekk ut denne sida: http://foot2afrika.com/ Dette er organisasjonen me jobbar gjennom. Dei er engasjerte og flinke, og trenger heile tida fleire frivillige:)
- comments
Tove Heimvik Gratulera med overstått dag Mari !! Koslig å lesa både din og Madeleine sin blogg !! Såg veldig god ut den vaffelkaka di med all den gode frukta oppå :-)) Kos dåke og pass godt på Madeleine :-))))) klem fra Tove