Profile
Blog
Photos
Videos
ME ER KOMT HEIM. TARIFA - HAFSLO 4536 KM. FIRATUSEN FEMHUNDRA OG TRETTISEKS KILOMETER. MANGE TRÅKK D
Hafslo, Norway
HEI ALLE
30 Mars 2013 sto me i tunet på Svalheim med 2 koffertar med pakkveskene i og to pappøskjer med syklane i. I dag står me igjen i tunet. koffertane og pappøskjene ligg igjen i Tarifa. Syklane har me trakka heim igjen. 4536 km er eit tal me kjem til å hugsa i lang tid framover. ME HAR I 2013 SYKLA EUROPA PÅ LANGS.
84 dagar har me vore vekke. Ca 20 av desse dagane har vore dagar dar me ikkje har sykla. Dette har vore ei eventyrleg reise. Har vore i Marokko, Spania, Frankrike, England, Belgia, Nederland, Tyskland og Danmark + Bergen. Må heller ikkje gløyma dei siste 4 etappane i Norge.
Opplevelsane har vore mange. Vanskeleg å trekka fram noko særskilt. Spania og Rioja ( Spanias mest kjente vinregion ) var berre heilt utruleg flott. Dei Spanske byane Merida, Zafra, Salamanca og Burgos med sine storslåtte katedralar. Ein kan lika godt reisa til ein av dessa byane som Barcelona eller Madrid. Vestkysten av Frankrike med sine mange strender og fine sykkelvegar. Mont Saint Michel i Normandie er me veldig glad for at me avla eit besøk. Tyskland overaska oss og med masse fine sykkelstiar. Største oppturen i forhold til forventningar var det nok Holland som sto for. Me viste at dei var godt utstyrt med sykkelvegar, men at det var so godt utbygd som det var hadde me ikkje trudd. Sykla langs med kanalar i Holland i strålande vær var berre heilt fantastisk. Våre blide Danske naboar er altid kjekt å væra på besøk hjå.
Me har treft og blitt kjent med utruleg mykje folk. Mykje meir enn da me har skreve om på bloggen. Selfølgelig spesielt andre syklistar med oppakning, men og mange andre. Har vore innom mange plassar og besøkt mange bygningar som står på Unescos verdsarvliste.
Denna turen var i utgangspunktet Jarle sin 50 års presang til seg sjølv. Norunn ville væra med på feiringi og gjorde til at dette vart den beste presangen ein kunne teinke seg.
Mange som har valgt å ta turen i lag med oss og følgt oss på bloggen. TUSEN TAKK.
Dagens etappe Vangsnes - Hafslo: Etter dagens frukost på Vangsnes guesthouse! var me oppe og besøkte 100 år gamle Fridtjov den frøkne. Til tross for alderen so held han seg UTRULEG godt.
Hadde teke sikte på 09.00 ferja i dag. Frå gluggen på rommet vårt på Vangsnes hadde me full kontroll på ferja.
Trilla av ferja på Hella og begjynte å trakka innover med dei kraftige låra våre. Fekk telefon både frå nrk og sogn avis. Nokon som hadde tipsa dei. Berra so da er sagt, da var ikkje oss, men stilte no opp.
Innover til Sogndal gjekk leikande lett. Innom Sogningen i Sogndal kaffi og kake på Domuskafeen. No var da oppover Årøyane. Bilar som fløytte og folk som vinka, no var me nesten heima. Innom Spar Hafslo for å fortelja Trude og Mats korleis da blir drive Spar butikkar i Spania og Frankrike.;)
No var da kun ein ting igjen, dan fryktinngytande Bakkingavegen. Me tok til høgre og begjynte å trø oss utover. Mange ganger har me både sykla og gått Bakkingavegen. Både i edru og påvirka tilstand. Er ikkje å annbefala nokon av delene. Ut forbi Beim, puhh tungt. Nærma oss Lad, skulle me invitera oss ned til ein kaffi hjå augunn elde skulle me trø vidare. Me for vidare. No gjennom lad svingen, forbi Tutla med Alme i sikte. JAAA, me greidde da denna gangen og. Sigla ut til Svalheim dar velkomstkomiteen venta på oss. RØMMAGRAUT. Nokon betre mat kunne me ikkje fått i dag. Takk til dei som hadde stelt detta i stand ( bilde )
DA VAR DA TAKK FOR OSS. NESTE TUR?? INGEN TUR SOM DETTA, MEN SYKKELTURA BLIR DA. VEKESTUR I HOLLAND OG DANMARK KANSJE. NORGE PÅ TVERS SKAL ME IVERTFALL GJERA.
HA DA BRA GODFOLK. HELSING NORUNN OG JARLE
- comments
Monica (ntp) GRATULERA MED VEL GJENNOMFØRT TUR!
Norunn/Jarle Tusen takk Monica, og takk for støtten undervegs.
Leidulf og Lillian. Kjekt å sjå dikka igjen,og koslig att det i gjen er lys i vindaugene på "Svalheim". Velkomen heim.
Norunn/Jarle Lillian og Leidulf. Tusen takk. Og takk for varm velkomst.
Jan Janssen Hei Det var veldig tilfeldig at jeg så deres blogg. Gratulerer med flott gjennomført tur. Jeg starter om 2 uker på en tilsvarende tur med start fra Norge til Spanje. Jeg skal sykle alene. Har dere noe tips om bagasje, overnatting osv.
Norunn/Jarle Hei Jan..Takk for da. Så lite bagasje som mulig selfølgelig. Me hadde med oss veldig lite fritidstøy. Når ein var ferdig med dagens etappe so gjekk me berre i kortbukse eller joggebukse uansett + t skjorte. Utruleg kor lite ein treng egentlig. Pakk so lite som mulig, kjøp heller undervegs hvis det er noko lite du manglar. Når det gjeld overnatting so hadde me problem nokre få dagar, men stort sett gjekk det greit. Låg mykje på hotel, litt på camping ( hytter ) og herberger er eit billig og godt alternativ. Er nok ein god del meir ferietrafikk når du reiser, so bør nok være ute i god tid med bestilling av overnatting. I Spania var me ein del på pilgrimsvegar. På dei vegane er det tett mellom herberga. Berra å slå på tråden hvis da skulle væra noko meir. 91710904..
Aordøl Anne-Grethe Eg veit ikkje om dikka e innom bloggen lenger, men ein eller anna dag v d vel inno å mimre litt. E har vore på ferie og hadde kun tilgang t nettet via telefon og da fekk e ikkje t å kommentere. E v gratulere dikka så masse me ein kjempetur. Vanvittig godt jobba begge to :) Detta står d respekt av :) :) Kanskje e ska ønske meg ein slek tur t 50 års dagen...... Eller 45, so blir d ikkje so lenge å vente ;)
Norunn/Jarle Hei Anne Grethe. Tusen takk. Er innom bloggen av og til, ordna litt med bilde og sånt. Bør absolutt ønska deg ein sånn tur. Kan absolutt anbefalast :)