Profile
Blog
Photos
Videos
Den 30 Mars går det eit fly klokka 1500 til Malaga i Spania frå Flesland. Forhåpentligvis sete Norunn og Jarle på det flyet. Frå Malaga teke me buss til Tarifa. Det er det sydligaste punktet i Europa på fastlandet. Derifrå båt over til Tanger, Marokko i Afrika. Derifrå so skal me prøva å sykla heim atte!!! til Svalheim, Hafslo. Teke no båt over til Tarifa att, men høyrest no litt tøffare ut at ein skal sykla frå Afrika :) No skal da seiast at det på langt nær er sikkert at me vil greie å sykle heile vegen heim. Da er mykje so kan henda, men håpet kan ingen ta ifrå oss.
Då me begjynte å snakka om denna reisa, so lurte me litt på kor tid det kunne passa og ta ein slik tur? Da passar vel egentlig ALDRI. So ein må berra hoppa i da, ta ein avgjørelse å berra gjera da.
Arbeidsgjevarar har med stor velvilje gåve oss 3mnd permisjon frå jobb. Avery Dennison NTP har i tillegg vore sponsor med merke og ein pengesum. Veldig kjekt med arbeidsgivar so bryr seg.
Planlegging er viktigt på ein slik tur. Har brukt mykje tid på planlegging i vinter, men er mange opne hol so da blir spennande. Turen har vore i tankane sidan høsten 2011. Flybilettar vart kjøpt September 2012. Planen er å innom land som Marokko, Spania, Frankrike, England, Belgia, Nederland, Tyskland og Danmark. Kjem ein so langt som til Danmark blir da mest truleg båt til Oslo/Bergen før ein sykler siste biten heim. Svenskekysten har og vært vurdert, men trur ikkje tiden strekke til. Først og fremst Spania og Frankrike som blir prioritert .
Det blir å starte frå Tanger, båt over til Tarifa og so finne ein ikkje altfor trafikert veg til Sevilla. Frå Sevilla blir det å følge Camino de la plata. Dette er pilgrimsvegen som går til Santiago de Compostela. Me skal ikkje til Santiago de Compostela sjølv om me har lyst. Det hadde fort blitt ein 700km lenger. Blir sikkert langt nok med det som er. Me syklar frå Sevilla til ein by som heiter Astorga. (ca 16 dagar) Derifrå skal me inn på ein anna pilgrimsveg, Camino Frances. Her skal me over pyrineene og inn i Frankrike. Hvis alt går nokolunde etter planen reknar me med å bruka ca 1 månad på Spania. Må ha nokre sykkelfrie dagar og. Me har satt opp dagsetappar for turen, men det er fort desse må justerast undervegs.
Dei sju første overnattingane er bestilt. Har bestilt Hotel. Dette for å få ein god start på turen. I Spania blir da å ligga mykje på herberger som pilgrimane brukar. Har kjøpt oss pilgrimspass som gjer til at ein får rimelige overnattingar. Har med oss telt, so blir nok noko overnatting i telt og når me kjem lenger nordover. Blir litt væravhengig kor tid me benyttar telt eller anna overnatting.
I Frankrike har me tenkt å ta vestkysten oppover, blir da for mykje vind får ein heller revurdere om ein skal litt leinger innover i landet. Reknar med å bruka ca 25 dagar på Frankrike. Etappane bli forholdsvis korte i forhold til når me sykla Norge på langs. Resten av turen er og stort sett planlagd. Ting kan skje spesielt i forhold til belastningsskader som ein kan dra på seg. So ein får berre ha eit opent sinn.
Når me sykla Norge på langs brukte med landevegssyklar. Det går ikkje denna gangen da pilgrimsvegen i Spania går mykje på grus og steinete vegar. So me har kjøpt oss nye hybridsyklar. Jarle, ein Merida Dual speed, Norunn ein Cannondale med da klingande navnet Bad boy!!!
Pakking er noko for seg. Når ein skal væra vekke so leinge og berre har 2 pakkvesker på kver må ein væra litt nøyen med pakkinga. Sykkelkle, fritidskle, handdukar, telt, soveposar, reservedeler, verktøy, mini pc, telefon, fotoaperat, diverse ladara og medisin er noko av det ein må ha med seg. Beauty bagen får stå atte heima ;)
Sete utruleg store pris på hvis da blir lagt igjen nokre ord når de besøker oss innpå her.
Tusen takk til Kjell Magne Fuhr for design av merka våre. Veldig fornøyd med dei.
Når me er vekke so blir Broder Geir Arne Økonomisjef. Får håpa han betalar noko av rekningane frå eigen konto ;)
Reis ikkje for å komma fram, men for å reise (Johan Wolfgang Von Goethe )
Me trur me er klar, og trur me gler oss til å reisa på tur ( Jarle Kvam )
ME SNAKKAST..
- comments
Mats Karlsson Lykke til så masse med turen ønsker Trude og Mats dere to. Vi lurer nå bare på hva som blir neste "stunt". - Asia på tvers, kanskje :-)
Jarle Tusen takk Mats. Trur me skal konsentrera oss om denna turen :)
Mari Anne Sundal Misunner dere gutsen! Andre drømmer, dere gjør!! God tur, vi skal følge dere!
Jarle Tusen takk Mari Anne. Kjekt å veta at folk følge oss.
Vivian Kvam No har eg, bestemor og bestefar lest dei første innlegga. God tur frå oss:)
Norunn/ Jarle Flott Vivian. Sete på flyet me no, med nettilgang.
Toffen God tur Svigis!!! må kosa dåke masse :)
Norunn/ Jarle Takk Toffen da skal me gjera. Har nett vore ute i Malaga by og ete eit bedre måltid..
Leidulf Lukke til med galskapen,håpar det blir ein fin tur.
Arne Hei pao deko. No ventar me på oppdatering om kva som skjedde ved avreise på Flesland.... På Hafslo er det sol som vanleg. Ny skidag ventar. Ha ein fin sykkeldag begge to
Ronny Berg Imponert er berre altfor beskjedent!!! Marianne fortalte om dette, etter at ho møtte deg Norunn i Førde 18.03... ''nei no du tulla du..'' var mi enkle konklusjon... når ho fortalte om dette:-) skal følge med her ja....:-)
Adrianne Flott blogg, dagens høgdepunkt på kontoret. Håpar de har ein flott tur så langt:)
Norunn/Jarle Hei. Ronny: Ja de må følgje med oss vidare. Veldig kjekt da. Adrianne : Me har ein kjempetur så langt. Og da får me tru helde fram :-)
Hildur Hei Norunn, no er eg på jobb. Alt går bra her. So flott at de sykla ein slik tur:) Eg er inponert. Kjempe bra at me og får vere litt med på sykkelturen dykkas :) Og eg likte dei tre siste linjene i brevet ditt:) Ynskjer begge to ein god tur videre. Klem fra Hildur