Profile
Blog
Photos
Videos
HEI GODTFOLK..
Kjempegod frukost på Fleichers hotel i dag. Greier ikkje å ete so mykje uansett. 2 skiver på kver av oss so er me mett, men stal no med oss nokre egg og litt nista.
Vikafjellet so venta på oss i dag. Ingen so kan beskylda oss for å ta lettaste vegen heim. Kunne ha sykla til Gudvangen og teke ferja til Kaupanger. Men vikafjellet i strålande sol hadde me lyst til å ha med oss.
Første stopp i dag blei på husflidsbutikken på Vinje etter ca 20 km. Utruleg mykje fint arbeid dar. Litt matproviantering og før me for vidare.
Neste stopp blei treskjerartunet i Myrkdalen hjå Arne Mørkve. Ein kar som Jarle har treft på før i Bergen på husflidsmesse i Grieghallen.. Anbefalar alle å ta turen innom treskjerartunet i Myrkdalen hvis dei fer forbi. Utruleg mykje flott trearbeid.
Møtte ein frå Haugesund på veg opp Vikafjellet i dag. Han hadde starta i Skjolden og skulle til Voss denna dagen. Da kalla me ein vaksen etappe. Full oppakning på den karen og. Til liks med oss hadde han ganske heftig oppakning. Han skulle sykla tilbake til Haugesund.
Enda opp på Vangsnes i dag. Har mange ganger stått i kø på Vangsnes ferjekai, men hadde alder teinkt at me nokon gong skulle overnatta her. I 2013 blei da året me gjorde da.
I MÅRO SKAL ME SYKLA FRÅ HELLA OG HEIM. TRUR NOK KLUMPEN I HALSEN VEKS ETTER KVART SOM ME NÆRMAR OSS HAFSLO. HVIS DA ER NOKON SOM SER OSS PÅ VEG INNOVER: GJE EIN LYD.
HA DA BRA..
- comments
Eva og Nils God tur til hafslo! Blir vel godt å komme heim. Fantastisk reise!
Monica (ntp) Hei på dikka! Da ha vore kjempekoseleg å følgt dikka på bloggen - vil sakne å sjekke oppdateringar :-) Skulle gjerne ha vore med å sykla frå Galden i morgon når de fer forbi, men eg er sikkert på jobb. Ynskjer dikka ein riktig flott sisteetappe og hjarteleg velkommen heimatt te Hafslo!
Norunn/Jarle Hallo.. Eva og Nils: Blir kjekt å komma heim, men litt vemodigt at da er over. For ei fantastisk reisse da har da vore. Monica: Takk for da.Flott at du har følgt oss. Og nokon må jobba og.