Profile
Blog
Photos
Videos
I dag var det opp klokka fem om morgonen, på med klede, hive i oss ein toast å pakke sekken ein siste gong. Så var det ut å stilla seg opp å venta på å bli henta av Emu tours. Mens me venta traff me Anette, frå Nittedal.
Me vart henta klokka seks i ein minibuss, plukte opp litt meir folk å bytta til ein større buss. Kjørte så i ca. 2 og ein halv time, til me kom til ein cattle station, kvar nokre av folka gjekk over i ein minibuss. Dei skulle då på ein to-dagers tur, medan me skulle berre på ein ein-dag tur.
Så var det å kjøyra i to timar til, før me stopte ein liten tur. Så var det opp ein liten bakke, kvar me hadde utsikt til nokre tomme saltsjøar og eit fjell. Så var det litt kjøring til, fram til aborginar senteret, kvar me fekk lunch å fekk gå å kikka litt rundt.
Reiste så vidare til Katja Tuja, eller The Olgas. Der fekk me gå litt innovar mellom to av fjella, før me reiste til ein plass kvar me fekk teke nokre gode bilete av dei.
Så bar det vidare til Ayers Rock, eller Uluru som det hette orginalt. Der var det ut av bussen å gå to tura i 35 grade. Litt varmt. Me hadde også ein type på bussen som klatra opp Uluru.
Reiste rundt Uluru å stopte ofta, slik at me fekk teke mange bilete (når eg seier mange, så meinar eg det!). Eg tok også ein stein derifrå, men det var ein eg fann på stien. Du skal eigentleg ikkje ta verken sand eller stein derifrå, fordi det skal bringa ulykke. Eg får ta sjansen, satse på at steinane som ligge på stien ikkje er heilage.
Når det byrja å nærme seg solnedgang reiste med til ein plass kvar me fekk teke ein del gode bilete av Uluru. Der grilte me, og grillmestaren tok ikkje nei til eit svar. Det endte opp med at alle kom tilbake med tallerken med haug på. I tillegg til å grille, fekk me sett solnaedgangen over Uluru. Den var noko dempa, fordi det var litt skyer på horisonten. Ja, ja, 300 bilde er sikkart nok uansett.
Sjølve bussturen tilbake vart tilbrakt sovande, og me kom tilbake til hostelle hal 12. Det var så vidt me vart slupne av, fordi Alice Lodge (eller Dodgy logde, som dei sa) ikkje stod på lista deira.Men me vart kjørt heilt heim, heldigsvis. Når me kom tilbake heiv me av oss og klatra utsletne i seng.
Ine
- comments