Profile
Blog
Photos
Videos
I dag sov me til klokka var 9, fordi den gratis frokosten var frem til klokka 10. Etter frokost (frokostblanding + ekstra heil melk. Yuck!) var det på tide med ein forfriskande dusj, før me for første gong i Australia heiv på oss shorts om morgonen! Yay!
Etter å ha stelt oss tok me turen inn til byen, kvar eg fekk kjupt litt suvenirar, to kort å ein caps, noko som er ein nødvendighet her nede. Så var det tilbake til hostelle, kvar me prøvde å få internettet til å verke. Igjen, begrenset eller ingen forbindelse! Arg...
Så var det ut i sola igjen, kvar me solte oss i nokre timar. Kan verkeleg seie at 30 + grader er nice. Når skyggane vart for lange gjekk me inn å prøvde å få internett til å verke igjen, men til ingen nytte.
Til kveldsmat hadde me slått på stortromma, å laga spagetti bolognese. Spagettien tok litt lang tid å koka, men me skylda det på at det var gassomn her, noko som me ikkje er vant med. Men maten blei godt, som me trudde. Me hadde sjølvsagt laga for mykje, men det får bere vere.
Når me åt satt me på same bord som to gutar, som viste seg å vere frå Danmark. Dei var like gamle som oss, å hette Rasmus å Johan.
Me hadde tenkt å gå på bar med dei, to tyske jenter å han eine som sat i resepsjonene, men sjølvsagt glømte eg ID, så meg å Eilen stakk tilbake til hostelle. Når me kom tilbake testa me internettet igjen, å denne gongen funka det. Så då var det å ringe heim å snakke litt med dei der heima. I tillegg fekk eg sitt babyen min, Molly, som er den eg har savna hardast denne turen.
Ine
- comments