Profile
Blog
Photos
Videos
I dag sov me til 9, fekk åde frokost å reist inn til byen ein gong til. Eilen kjupte seg ein hatt, før me gjekk vidare til reptilsenteret i byen. Der såg me ein film om korleis dyrelivet i Australia har utvekla seg, tok mange bilete å såg mange slanger, firfisler, ei skilpadde og ei krokodille. Ein time seinare var med med når ei av dei som jobba der introduserte tre firfisle som me fekk halda. I tillegg fekk me holda ein slange kalla Tom. Kan sei det var ganske spennande.
Etter me hadde vore på reptilsenter gjekk me til Woolworth å handla vatn til turen me skal på i morgon. Me kjupte kvar si 2-liter flaske, som me seinare sleit med å finna ein god posisjon til å plassera i sekken.
Me kom tilbake til hostelle, kvar me hadde lunch, før me la oss ut for å sola oss litt. Me tok også ein kjapp symjetur i bassenge på hostelle, men det var ingen lang tur, fordi bassenget var ikkje oppvarma. Brr... Då er det godt at tempen på land er over 30.
Seinare på kvelden pakte me til morgondagens tur, spelte litt kort og leste litt før me la oss tidligt.
Ine
- comments