Profile
Blog
Photos
Videos
Me sto opp halv fire å ordna oss. Me fekk pakt ned det sista me trengte, å sjekt ut utan noko problem. Taxien sto klar å venta på oss, men før me fekk kome oss ut, var det en mann som prøvde å sette seg inn i taxien. Sjåføren sa i frå at taxien var bestilt, å då byrja mannen å hisse seg. Det var rett før taxisjåføren og mannen byrja å sloss, og i resepsjonen på hostelle sto resepsjonisten klar med telefonen i handa. Litt skummelt, men me kom oss avgårde til slutt.
Me vart sittande litt på flyplassen i Sydney før me fekk sjekka inn. Etter det gjekk det ikkje lang stund før me var på veg mot Melbourne. På flyturen fekk me frokost, men eg orka ikkje så mykje. I staden brukte me flyturen til å sove.
Me tilbrakte ein halv time på flyplassen i Melbourne, før me fløyg vidare opp mot Alice Springs. Når me byrja innflyginga la eg merke til korleis det såg ut utanfor. Rødbrun ørken strakte seg så langt du kunne sjå. Sjølve flyplassen var liten, og når du kom av flyet slo berre varmen i mot deg.
Flyet landa litt over 11, og me blei kjørte til Alice Lodge, kvar me skulle bu.
Når me hadde fått sjekka inn la me oss til å sove i to timar. Etter det vaska me litt kler, før me prøvde å få internettet til å verke. Det kobla seg til, men det kom heile tida opp at det var begrensa eller ingen forbindelse. Prøvde å fikse det ein del gonger, men det ville ikkje.
Avslutta dagen med ein liten handletur, før vi laga oss kveldsmat å la oss.
Ine
- comments