Profile
Blog
Photos
Videos
Okay, denne dagen kan nok ver litt rotete, men dagboknotatene mine frå denne dagen ser ut som ein fysteklassing har skreve dei, å dei har ikkje mykje samanhang. I blame the goon.
I dag tok me an ganske ut, å sov til halv 12. Dagens oppgåve var å finne Maze backpackers, kvar me skulle hente Mad korta våre. Først prøvde me adressen Google meinte var rett, men det viste seg å være feil. Me fant det til slutt, å fekk korta våre.
Etter å ha skaffa oss Mad kort var det ned til Central Station, kvar me kjupte eit 3000 kilometer pass kvar, som skal ta oss frå Adelaide til Brisbane.
Me gjekk så tilbake til romme, kvar me vart inviterte med til å spele King's Cup. Men før me kunne gjere det måtte me få tak i noko å drikke. Opp til Woolworth, kjøpe fire liter Pub Squatch Soda (rar brus, enda rarere namn). Vidare til drikkebutikken, som her har oppe lenge. Hmm..leite etter rett drikke, AH!, finner rett drikke. Takk takk, ja, me skal ha denne 4-liter kartongen med billig vin.
Etter innkjøpene bar det opp på rommet, noko som var litt vanskelig. Eilen tok seg av brusen, medan eg gjømte vinkartongen i taska, fordi me skulle ikkje drikke på rommet. Når me kom opp joinet me tre canadiske jenter å ein hollender i King's Cup. Det var mykje morosamt i den leiken, som Chicken f***er, som er litt vanskeleg å forklara. Spelte til me var godt i gassen, så bar det ned i baren. Det var en dårleg ide.
Eg hadde me meg ein lapp som gav meg ein gratis drink, å den brukte eg på ein rom å cola. Herregud den var dårleg! Eg blander betre sjølv. Me drakk så mykje me greide, men eg trur ikkje me vart heilt ferdig med den.
Grunnen til at me kom ned i baren var at det var Trivia Night. Meg å Eilen var åleine på eit lag, me var «I have skittles in my blue thights». Husk det!
Sidan me allereie var godt i gassen, vart quizen mykje meir morosam. Me var ganske entusiastiske, men me sleit litt med spørsmåla. Mellom runde 1 og runde 2 skulle me ha ein liten lek, Heads or Tails. Alle som var med skulle stå, å halde enten på hovudet (heads) eller rumpa (tails). Så skulle dei kaste mynt eller kron, å viss den landa med 'heads' opp, så vant dei som haldt seg på hovudet, og vice versa. Slik forsatte det til det berre var noko få igjen. Eg sto igjen, men nokon andre. Vi måtte så fram foran DJ boksen, får å vise at vi var med. Så forandra dei reglane litt. Nå skulle du ikkje ta på ditt eige hovud eller di eiga rumpe, men på den som sto på sida av deg. Morosamt.
Det ende då opp med meg og ein gutt sto igjen, eg tok 'tails' og han tok 'heads'. Flippa mynten å eg vant! WOOP! Premien var ei mugge øl, som då eg å Eilen skulle dele. Å me som ikkje har drukke så mykje øl før.
Ja, ja, tenkte eg, det skal ned. Å ned gjekk det. Me kom oss gjennom mugga, å når den var tom, kom James frå New Zealand å kjøpte øl til oss.
Quizen var over uten at me vant, men me vant beste lagnamn (sjå lengre oppe). Premien: to mugger med øl! Herregud, korleis skulle me greie dette. Eilen løyste det problemet med å selge den eine mugga, medan eg starta på den andre mugga. Eg kom ikkje langt gjennom den før eg meinte det var tid for å gå opp å legge meg.
Eilen forblei i baren ei stund til, å hadde seg ein Vodka + energi drikk, noko som eg kunne fortalt henne ville vere ein dårleg ide.Det førte til ein liten skade som Eilen kan fortelle om sjølv.
Eilen: okay, det som skjedde var at opp til rommet tar vi heis. James skulle av i 2 etasje, men så va han litt seine sånn at dørane begynnte å lukka seg. Eg prøvde så å redda situasjonen med å stoppa dørene. Når du stikke noge i mellom dørene pleie dei jo å opna seg igjenn for pokker. Det gjorde dei ikkje denne gongen. Så der stod eg med fingrane på venstre håda mi fast klemt i heisdøra...... så der stod eg og james å prøvde å få fingrane mine laust. Heldigvis hadde eg drukke og tok heile situasjonen med ganske stor ro. Så begynnte heisen å bevega seg, eg skulle tross alt av i 3 etage og dette hadde han ikkje glømt. I min dåverande tilstand virka eg fryktlaus og bare stod og venta på å få gå av i min etage. Vel oppe i 3 fekk eg gjordt akkurat det og kom meg inn i rommet og i seng
Konklusjon for kvelden; ikkje begynn med goon og aldri stol på ein heis.
- comments