Profile
Blog
Photos
Videos
Hei hei
Denne dagen hadde me planlagt å gå på ein guida tur i den botaniske hagen kl 10:30.............me våkna kl 10. droppe den seie me bare. Tar å utforske han sjølv, går sikkert fint det. Grunnen til at vi var seine var at mobilen min ikkje ringte hehehe. Nå stole ikkje Ine lenger på mobilen min, me bruke hennas som alarm nå.
Ine: Plus at Eilen sin mobil er to minutt før min, så når me bruke min får me sova lengre. To minutt er lenge!
Det at me forsov oss gjorde ikkje så møye, det var ein dag med sol og varme, litt vind men det gjorde ikkje så møye. Ved inngangen stod eit skilt der vi blei oppfordra til å gå på graset og klemma trennå. Den botaniske hagen/ parken va dritt stor og infisert av flaggermus. Hundrevis av flaggermus, den typen som eter nektar, flying foxes. Dei flaug rundt og hang i trenå, eg var sikker på at eg ville få flaggarmus dritt på meg. Det var også mange fuglar i parken, såg ikkje så mangen av dei, men me høyrte dei. Hagen var full av blomster, tre, buska og hadde ein egen avdeling til kaktusar, dei var spisse. Når me kom ut til ein stor open plass la me oss ned på graset og slappte av litt i lag med pappegøyene. Du kunne sjå oprahuset frå der me låg. Det er ikkje så stort og flott som det du forvente, men det burde jo sjåast når me fust er der.
Etter hagen åt vi lunch på eit food court. Eit Food court er ein plass med mange eteplasser, Mc Donalds, hungry jack's, sushi, subway, nuddler, muffins og alt aent du kan tenka deg. Det vanskeligaste er å bestemma oss for kor og kva me skal eta. Denne dagen endte me opp med quiche, det var godt. Me skulle hatt food court på norske kjøpesenter, det hadde vært noko. Vi var også på internett cafe, den me fant tidligare.
På kvelden var vi på Scary Canary og hadde ein øl, det er baren som er tilknytta hostelet. Ølen var ganske god, men det var lite gang så me gjekk opp på rommet etterpå
- comments